Leiaren i Sosialistisk Ungdom, Kirsti Bergstø, seier til Bergens Tidende at ho ikkje kan akseptere at vedtaket i regjeringa inneber eit prinsipielt ja til å sende spesialstyrkar til Afghanistan. Ho meiner det i så fall bryt fullstendig med SV sin vedtekne politikk.

Bergstø seier ho ikkje er samd i den tolkinga partiet sin forsvarspolitiske talsmann, Bjørn Jacobsen, kom med i Bergens Tidende tysdag. Han sa rett ut at SV står bak den felles erklæringa frå utanriksministeren og forsvarsministeren som seier at Noreg kan sende spesialstyrkar til Afghanistan.

— Det er ikkje ei tolking partiet har vore med på. Partiet står fast på dei prinsippa som vart knesett i vedtak på landsstyremøtet i november i fjor. Der åtvara vi sterkt mot at ISAF skulle overta oppgåvene til Operation Enduring Freedom og drive offensiv krigføring, seier Bergstø.

— Utviklinga i Afghanistan går feil veg. Slik operasjonane til ISAF har utvikla seg til meir og meir bli ein angrepskrig meiner vi tvert om at tida nå er inne for å vurdere å trekke tilbake alle dei norske soldatane. Det er då heilt uaktuelt å sende norske spesialstyrkar dit, seier Bergstø.

— Vi forheld oss til kva som faktisk skjer. Slik er det å vere i mindretal. Det blir ikkje sendt fleire soldatar nå. Det er eg glad for, seier Oddny Miljeteig som er gruppeleiar for SV i bystyret i Bergen.

— Eg ser heller ikkje for meg at det vil bli sendt norske spesialstyrkar til Afghanistan i framtida. Det er aukande erkjenning av at det militære prosjektet i Afghanistan er feilslege med stor fare for å bli sitjande fast i ei hengemyr. Sovjet greide det ikkje med 100.000 mann. Nato har heller ikkje klart det. Og utviklinga går feil veg, seier Miljeteig, og ho held fram:

— Eg registrerer at denne erkjenninga har breidd seg i andre Nato-land også. Med eit par unntak er det ingen andre Nato-land som har sagt ja til å sende nye styrkar til Afghanistan.