EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bergens-tidende.no

Oppjusteringa vil bety ein årleg auke i løyvingane på 75 prosent, og skal etter SFTs plan pågå over ein treårsperiode. Pengane skal brukast til innkjøp av betre og meir moderne utstyr, opplæring rundt om i kommunane og utplassering av meir oljevernutstyr langs kysten.

Forslaget vart presentert i Oslo i dag, og er oversendt Miljøverndepartementet. Bakgrunnen er ein ny, omfattande risikoanalyse av faren for oljesøl langs kysten. SFT meiner beredskapen ikkje kan baserast på eit tenkt totalhavari med ein supertankar og påfølgande utslepp av 200.000 tonn olje, sjølv om dei innrømmer at dette kan skje.

Ein så høg beredskap «vil skape et helt urealistisk behov for ressurser sett i forhold til den svært sjeldne frekvensen på slike hendelser», heiter det i ei pressemelding frå SFT. Det største tenkte uhellet i analysen er lagt til Nordsjøen, med utslepp av 20.000 liter olje.