Riksadvokaten har bede om å få innsendt alle dokumenta i saka etter at først Politiets Tryggingsteneste (PST) og så statsadvokaten i Oslo har hatt saka til behandling.

Både PST og statsadvokaten i Oslo har konkludert med at svartelistinga av Krekar frå FN sin sanksjonskomite ikkje gjev grunnlag for ny etterforsking.

Rask avgjerd

Førstestatsadvokat Lasse Qvigstad ved Oslo statsadvokatembete har tidlegare opplyst at det ikkje blir ny etterforsking.

Bakgrunnen er at både PST og han sjølv har kome til at terrorismeskuldingane mot Krekar berre inneheld påstandar, ingen dokumentasjon eller bevis. Det er konklusjonen etter meir enn eit halvt års arbeid.

Førstestatsadvokat Harald Strand ved riksadvokatembetet opplyser at riksadvokaten har lagt til grunn at det er han som skal treffe den endelege avgjerda om det skal setjast i verk etterforsking.

Han seier at ei avgjerd frå riksadvokaten vil kome raskt.

Det var riksadvokaten som 12. desember i fjor bad statsadvokaten i Oslo og PST setje i verk undersøkingar for å vurdere om svartelistinga av Krekar gav grunnlag for ny etterforsking.

Svartelistingsvedtaket vart gjort 7. desember i FN sin sanksjonskomite. Då hadde Noreg i fire månader vore informert om at USA ville føre mulla Krekar opp på svartelista over mistenkte terroristar.

Mulla Krekar sin advokat, Harald Stabell, vil be om innsyn i dei dokumenta UD sit på i denne saka.

GÅR VIDERE: Krekar-saken skal avgjøres av riksadvokaten.