Med brei penn freistar han å overtyde lesaren om at han ikkje har forrådt Noreg, at han ikkje er nokon terrorist og at han vil etterleve norsk lov. Han hevdar at skuldingane mot han er fabrikkert av USA av di USA hadde behov for å bruke han som «the missing link» mellom al-Qaida og Saddam Hussein.

Sjølv freista han ifylgje eiga forklaring for mange år sidan å tigge pengar frå Osama bin Laden, men fekk tvert nei.

Det er forlagsmannen William Nygaard og Aschehoug forlag som gjev ut boka som har fått tittelen «Med egne ord».

Drapsforsøk

Nygaard avviser overfor Bergens Tidende at det er paradoksalt at han utgjev denne boka, forfatta av ein islamistisk fundamentalist, samstundes med at han sjølv har fått ein islamistisk dødsdom over seg for å ha utgjeve boka «Sataniske vers» — forfatta av Salman Rushdie. Nygaard vart etter dette også utsett for eit drapsforsøk, som han med naud og neppe overlevde, og som vart sett i samband med bokutgjevinga.

— Som forleggar er det viktig for meg å stå ved oppgåvene våre, på same måte som for ein journalist: Å publisere. Dette er sentralt for ytringsfridomen. Vi tek ikkje stilling til innhaldet. Men dette er ei viktig bok som kanskje kan verke til utvida forståing mellom nordmenn.

Hardt skyts

Krekar hevdar at Økokrim og PST (overvakingspolitiet) har gjort sitt beste for å framstille han som ein farleg terrorist.

NRK er ifylgje Krekar den medieverksemda som har den mest ukritiske haldninga når det gjeld å sverte Krekar. Han svarar ved å omtale NRK som «Faraos heks».

I boka hevdar han at nestleiaren i Økokrim, førstestatsadvokat Erling Grimstad, i rettsmøte har skulda Krekar for krigsbrotsverk og brotsverk mot menneska. Han hevdar også at Grimstad har ynskt å opprette ein eigen militær domstol, spesielt for å behandle ei sak mot Krekar.

Grimstad hadde i går ikkje hatt tilgang til boka, men han opplyser til Bergens Tidende at han vil skaffe boka og lese kva Krekar skriv.

Krekar sin forsvarar, advokat Brynjar Meling, går overfor Bergens Tidende god for denne framstillinga.

Terrorismesaka

Krekar fortel i boka om korleis dei alvorlegaste skuldingane frå Økokrim, slik han ser det, fall saman i rettsmøte medan han i vinter sat varetektsfengsla - skulda for å ha gjeve ordrar om terroråtak i Irak.

Eit sentralt vitne som vart nytta som fengslingsgrunnlag, kom i eit videoavhøyr med ei heilt anna forklaring enn det han hadde forklart då Grimstad og ein etterforskar frå PST i fjor haust hadde avhøyrt han i eit fengsel i Nord-Irak.

Seinare vart han framvist på norsk tv, utstyrt med sprengladningar festa direkte til kroppen for å sprenge seg sjølv, slik han skulle vere pålagd av Krekar si gruppe og etter ordre frå Krekar.

Mishandla vitne

Videoavhøyret fortalde ei heilt anna historie:

«Nå kom det fram at han hadde sittet inne i hele 19 måneder uten rettergang eller forsvarer. Besøk av familien var bare blitt tillatt ved to anledninger. Før Grimstad og K.V. kom på besøk, var han blitt pisket seks ganger av PUKs torturister, blant annet med en ledning. Han hadde blitt sparket og slått i bundet tilstand, og fått armen brukket. I tillegg var han blitt kledd av og satt i fryserom i bare trusen. Etter hver torturrunde hadde de forsøkt å overbevise ham om at han burde vitne mot meg. Til slutt ga han etter. De festet da beltet med TNT rundt kroppen hans, konstruerte historien og sendte bud på tv-kameraene.»

Meling går også god for kvart av elementa i denne framstillinga, men tek eit visst atterhald når det gjeld tidsrekkefylgjen.

Etter dette avhøyret og fleire liknande avhøyrsresultat, raste botnen ut av saka og Krekar vart sett fri frå varetekt. I slutten av februar vart saka oversendt frå Økokrim med tilråding til riksadvokaten. Det er ukjent kva tilrådinga går ut på, men nokså klart er det at ikkje blir snakk om nokon tiltale for medverknad eller oppfordring til terrorhandlingar.

4000 bøker

Boka er trykt i eit førsteopplag på 4000 og det er interesse for boka i Nederland og USA, opplyser forlagssjef William Nygaard til Bergens Tidende. 1000 eksemplar av opplaget går til bokklubben.

Om førsteopplaget blir selt ut, blir det likevel inga gullgruve for Krekar og forlaget. Til det har oversettings- og bearbeidingskostnadene vore for store, ifylgje Nygaard.

— Denne boka har vi ikkje gjeve ut fordi vi trur den vil selje i store opplag, men av di ho er viktig, seier Nygaard.

Advokat Meling opplyser at det nå også blir arbeidd med å gje boka ut på arabisk.

<b>EIT SVAR:</b> Mulla Krekar seier boka først og fremst er eit svar og ei forklaring frå hans side på skuldingane som er retta mot han.
SCANPIX