Behandlinga av saka representerer brot på normale spelereglar og ansvarsfordeling i saker som er under etterforsking.

Mange ser med forventning fram til at ei eventuell straffesak mot Krekar vil brette ut mykje av det som har skjedd i kulissane.

I Noreg har vi halde strengt på at politiske styresmakter ikkje skal blande seg inn i saker som er under etterforsking.

Interne reaksjonar

Men det ser ikkje ut til å sjenere den sitjande politiske leiinga i Justisdepartementet.

Så spesiell har saksbehandlinga vore at det etter det Bergens Tidende kjenner til, har vekt reaksjonar også internt i Justisdepartementet.

Fredag 21. februar i fjor innkalla justisminister Odd Einar Dørum til møte om Krekar-saka på sein kveldstid. Det var knapt seks veker etter at mulla Krekar kom tilbake til Noreg etter å ha sete fire månader varetektsfengsla i Nederland. Til stades på møtet var dessutan statssekretær Jørn Holme og assisterande departementsråd Hans Olav Østgård frå departementet. Med på møtet var PST-sjefen (overvakinga), Per Sefland, sjefen for rettsavdelinga i UD, Rolf Einar Fife, og sjefen for Økokrim, Einar Høgetveit.

Det irregulære i dette, var innkallinga av økokrimsjefen i ei sak som var under etterforsking.

Kva som skjedde og vart drøfta på dette møtet, har ingen villa snakke om. Justisdepartementet tviheld på at ein ikkje kommenterer «interne møte».

Misnøgde

Det er liten tvil om at leiinga i både Justisdepartementet og Utanriksdepartementet på dette tidspunktet var misnøgde med at Krekar ikkje var blitt pågripen og fengsla då han kom tilbake til Noreg. Det skapte problem både i forhold til Nederland og til USA.

Det er sterke haldepunkt for at norske offisielle representantar på førehand hadde lova amerikanske styresmakter at Krekar ville bli pågripen så snart han sette foten på norsk jord.

Men førstestatsadvokaten i Oslo, Lasse Qvigstad, la ned forbod mot å pågripe Krekar, rett og slett av di det ikkje fanst juridisk grunnlag for å pågripe han. På dette tidspunktet var det Qvigstad som hadde påtaleansvaret i saka. Qvigstad slo fast at siktinga mot Krekar ikkje heldt mål av di handlingane han var sikta for, ikkje vart råka av norsk lovgjeving. Qvigstad fekk støtte av mellom andre strafferettsekspert professor Erling Johannes Husabø ved Universitetet i Bergen.

PST-sjefen klaga

Denne avgjerda var PST og Justisdepartementet sterkt misnøgde med, og PST-sjefen nytta seg av den retten han har, til å klage avgjerda inn for riksadvokaten.

Riksadvokaten kom til same konklusjon som Qvigstad. Men samstundes avgjorde han at etterforskingsansvaret og påtaleansvaret i saka skulle overførast til Økokrim.

Før riksadvokaten fatta denne avgjerda, var assisterande riksadvokat Hans Petter Jahre i møte med Justisdepartementet, ifølgje opplysningar Bergens Tidende har fått.

Dermed vart saka teken ut av Qvigstad sine hender. Den offisielle forklaringa var at saka nå omfatta mistanke om økonomiske transaksjonar som det var naturleg at Økokrim med sin potensielle spesialkompetanse tok seg av.

Amerikansk påtrykk

I fjor haust avslørte TV2 Nettavisen at Jordan hadde fabrikkert dokument for å freiste å få Krekar utlevert til Jordan. Forsøket var avslørt og avslått i Nederland.

Ingen trur at Jordan gjorde dette på eiga hand, og alle indikasjonar tyder på at også Jordan var utsett for amerikansk press.

Den amerikanske ambassadøren i Noreg har hatt fleire møte med justisminister Odd Einar Dørum om Krekar-saka. Det er i seg sjølv unormalt. Det normale «etter boka» er at kontakt frå ein utanlandsk ambassadør skal gå via Utanriksdepartementet.

Det er kjent at den amerikanske utanriksministeren og den amerikanske justisministeren har teke Krekar-saka opp med sine norske statsrådskollegaer. Slikt er ikkje dagleg kost.

Eit døme på kva vekt amerikanarane legg på denne saka vart tydeleg demonstrert måndag. Då vart ein amerikansk general i Irak intervjua av NRK Dagsrevyen. Kort fortalt uttala han då at arrestasjonen av Krekar viser at den norske regjeringa nå ser alvoret i Krekar-saka. Han sa vidare at han var heilt sikker på at Krekar framleis er leiar for Ansar al-Islam. Men han sa samstundes at han ikkje kjende saka.

SETT FRI: Mulla Krekar blei sett fri frå varetekt av Oslo tingrett måndag ettermiddag, då dette biletet vart teke. Økokrim har varsla at lauslatinga vil bli påkjært til lagmannsretten.<p/> FOTO: SCANPIX