VIDAR YSTAD

Den tidlegare nestleiaren i Økokrim har i snart to år hatt saka hengande over hovudet. Han vart i april 2003 meld til politiet for å ha gjennomførd ei ulovleg ransaking heime hjå mulla Krekar. Etterforskinga mot han vart innleia hausten 2003. Han er to gongar avhøyrd av SEFO, det særskilde etterforskingsorganet for politisaker. Siste gongen var 25. juni i år.

— Vurderer erstatningskrav

Grimstad, som nå er privatpraktiserande advokat, seier til Bergens Tidende at han er glad for at saka nå omsider er lagt vekk.

— Å ha denne saka hengande over hovudet i så lang tid, var sterkt medverkande til at eg valde å seie opp og slutte i Økokrim. Denne saka har vore ei stor påkjenning. Den var også belastande i forhold til jobben eg hadde å gjere i Økokrim, seier Grimstad.

Han opplyser at han nå har bede om innsyn i saksdokumenta og at han vil vurdere å fremje krav om erstatning etter å ha vore under etterforsking i så lang tid.

Grimstad meiner ein må ha bakteppet klart for seg:

— Den amerikanske utanriksministeren, Colin Powell, på møtet i tryggingsrådet i FN hadde fortald at Ansar Al Islam, som mulla Krekar var leiar for, var bindeleddet mellom Saddam Hussein og Al Qaida. Dette visste vi før vi gjekk til aksjon mot Krekar, seier Grimstad.

Sterk motstrid

Av påteikningsdokumentet frå riksadvokaten som Bergens Tidende i går fekk tilgang til, går det fram at SEFO tre gongar har gått inn for å legge vekk saka med grunngjeving at «intet straffbart forhold anses bevist».

Det har førstestatsadvokaten i Oslo, Lasse Qvigstad, vore heilt usamd i.

I ei innstilling til riksadvokaten datert 15. september 2004 gjekk førstestatsadvokaten i Oslo inn for å «utferdige forelegg mot Grimstad for overtredelse av straffeloven paragraf 116.»

Grunnlaget for dette var følgjande:

«Som førstestatsadvokat ved Økokrim beordret han 3. april 2003 ransaking og beslag i Faraj Ahmad Najmuddins (mulla Krekar, red. merk.) bolig i Heimdalsgata 36 i Oslo, til tross for at Borgarting lagmannsrett i kjennelse 2. april 2003 hadde fastslått at det ikke var dokumentert etterforskingsmateriale som ga rettslig grunnlag for - med skjellig grunn - å mistenke Faraj Ahmad Najmuddin for de forhold siktelsen omfattet.»

Subsidiært gjekk statsadvokaten inn for at det vart skreve ut eit forelegg etter straffelova paragraf 325 for det same forholdet.

Springande punkt

Det springande punktet i saka er ei tolking av kva lagmannsretten hadde teke stilling til. I avhøyr med SEFO har Grimstad forklart at han meinte siktinga mot Krekar omfatta meir enn det han meinte lagmannsretten hadde prøvd. Samstundes gav han uttrykk for at han meinte avgjerda frå lagmannsretten var urett.

Riksadvokaten skriv i avgjerda si at den aktuelle avgjerda frå lagmannsretten kan lesast på to måtar.

Fornuftig tvil

Sidan vilkåret for straff er at handlinga må ha skjedd med forsett, meiner riksadvokaten bl.a. at «all rimelig og fornuftig tvil må komme Grimstad til gode i samsvar med det prinsipp som gjelder i alle straffesaker ».

Riksadvokaten konkluderer med at det ikkje ligg føre prov for at Grimstad med forsett har overtrådt paragraf 116 i straffelova.