Ikkje minst er ei rekkje alarmerande meldingar komne frå NTNU. Den siste tida har temaet stått på dagsordenen i BT.

I eit innlegg laurdag 9. mars går Liv Rogstad, som seniorrådgjevar ved Statens Utdanningskontor i Hordaland, i rette med representant for Hordaland Lektorlag som har hevda at det føregår triksing med sensuren for å skjule påstått synkande kvalitet på eksamensresultata.

Liv Rogstad argumenter m.a. slik: «Karakterfordelingen blir så holdt opp mot siste femårsperiode i faget, blant annet for å motvirke uønsket utslag av ett enkelt oppgavesett.»

For ein som står utanom skuleverket kan det neppe seiast klarare at karakterfordelinga skal vere den same som den har vore dei siste fem åra, med andre ord at karakterfordelinga skal ligge fast, uavhengig av mogleg synkande kvalitet. Då må det, Liv Rogstad, sant å seie vere meir ei smakssak om ein kallar dette for triksing med sensuren eller kreativ karaktergjeving.

OLA FOLKESTAD, VOSS