Ein hittil ukjend avtale skal vise at selskapet som er skulda for å ha ha levert fleire skipslaster med gift i Sløvåg, har forplikta seg til å betale for oppryddinga etter ulykka.

Avtalen blir ein del av tvistesaka mellom tidlegare Vest Tank-eigar Trond Emblem og Alexela Sløvåg, som byrjar i Bergen tingrett i dag.

Strid om avtale

Der kjem Emblems advokat Erik W. Raanes til påstå at omstridde Trafigura, eitt av verdas største uavhengige selskap innen handel med olje, skal ha forplikta seg til å betale kring 6,5 millionar kroner i samband med arbeidet etter ulykka.

I avtalen skal det være spesifisert kva for tiltak pengene skal gå til.

_Les også:

Krev 40 millionar frå Alexela_

Opplysningane kjem fram i sluttinnlegget Raanes har levert til retten. Overfor Bergens Tidende ønskjer han ikkje å utdjupe opplysningane om kva som låg i avtalen.

— Det får vi kome tilbake til under rettssaka, seier han.

- Transport av giftstoff

Kurt Oddekalv, leiar i Norges Miljøvernforbund, seier han ser på Trafigura-betalinga som innrømming av skuld for eksplosjonen i Gulen. Oddekalv legg til at han meiner Trafigura og Alexela i praksis er det same selskapet, og er redd Sløvåg på ny skal bli blandestasjon for giftig avfall.

— Eg reknar med at Trafigura vil bruke anlegget til det same som Vest Tank heldt på med før eksplosjonen, nemleg transport av giftstoff, seier han.

Alexela har søkt om å bruke anlegget til oljelagring.

Alice Bratshaug (MMS)

Etterforskes av Økokrim Trafigura blei for alvor kjent etter etter «Probo Koala»-skandalen. Båten «Probo Koala» leverte giftig avfall i Abidjan i Elfenbeinskysten. Avfallet blei sidan dumpa på opne fyllingar. Minst 14 menneske mista livet etter nærkontakt med dei giftige stoffa.

Åtte Trafigura-skip leverte også omstridd last til Sløvåg frå oktober 2006 og eit halvt år framover. Seks av skipa kom ifølgje politiets kjemiske rapport til Sløvåg for å få behandla såkalla cokerbensin, ein sterkt svovelhaldig råbensin.

_Les også:

— Opplyste aldri om innhaldet_

Det var i eit forsøk på å reinse avfallet frå behandlinga av denne råbensinen at tankane i Sløvåg eksploderte. Statens forureiningstilsyn har slått fast at avfallet som gjekk i lufta, var av same type som «Probo Koala» leverte i Afrika, og Trafigura er under etterforsking av Økokrim for rolla deira i Sløvåg.

Alice Bratshaug (MMS)

Tette band Selskapet, som er representert i 37 land, er ein av aksjonærane i Alexela. Minst to av sju styremedlemmer i estiske Alexela representerer Trafigura.

Trafigura har også tidlegare vore involvert i kjøp av Alexela sine tankanlegg. Då Alexela kjøpte det estiske anlegget Alexela Sillamäe, bidro Trafigura med heile kjøpesummen, ifølgje Reuters.

Ifølgje dokumenta som er sende til Bergen tingrett, har Darren Jenkins og Andrei Makarov inngått Sløvågavtalen på vegner av Trafigura.

Begge har viktige posisjonar i Alexela. Jenkins er rådsmedlem i Alexela Logistics, Makarov sit i styret for Alexela Sløvåg. Dette viser også kor tette banda er mellom dei to selskapa.

Advokat for Alexela Sløvåg, Erik Myhr Nilsen, vil ikkje kommentere saka i forkant av rettssaka. Heller ikkje Alexela-direktør Håkon Ivarson vil seie noko om verken rettssaka eller avtalen.

Etter det Bergens Tidende erfarerer, vil de i retten argumentere med at Trafigura ikkje er part i saka.

Øyvind Lefdal Eidsvik (MMS)
Øyvind Lefdal Eidsvik (MMS)