Striden står om innfasinga av dei ekstra feriedagane som kom som resultat av journaliststreiken i vår. Journalistar med meir enn 18 års ansiennitet fekk då tre ekstra fridagar, og frå neste år to ekstra fridagar, slik at det blir ei veke totalt.

Leiinga i avisa har gjort det klart at Dagblad-medarbeidarane alt har ei ekstra ferieveke og at ein difor ikkje vil innrømme meir ferie.

Raud klut

Det er som å vifte med ein raud klut for Dagblad-journalistane som meiner dei då vil bli frårøva resultatet av streiken. Den ekstra friveka har Dagblad-journalistane hatt i meir enn 30 år som kompensasjon for ikkje-betalt overtid.

På klubbmøtet onsdag møtte 130 av totalt 200 medlemer i redaksjonsklubben, opplyser klubbleiar Sigbjørn Andersen til Bergens Tidende.

— Stemninga var svært god. Klubben er heilt samla og vi talar med ei røyst, legg han til. Men han vil ikkje inn på kvar partane står.

Han opplyser at det har vore eit ti-tals forhandlingsmøte om saka sidan 21. august. Han strekar under at lokalavtalen ikkje er sagt opp.

Det er den som gjev Dagblad-medarbeidarane ei vekes ekstra ferie for ikkje-betalt overtid.

Det langvarige klubbmøtet onsdag hadde klare konsekvensar for produksjonen av torsdagsavisa som vart forseinka.

Strid fleire stader

Olav Njåstad, som er leiar i Norsk Journalistlag, opplyser til Bergens Tidende at det har gått stort sett bra med å få innførd dei ekstra feriedagane, som vart resultat av streiken, lokalt.

— Men somme stader, der ein har hatt ferieordningar som går ut over den sentrale journalistavtalen, har leiinga teke spørsmålet om innfasing opp. Ikkje alle stader er det avklaring ennå. Det gjeld mellom anna i VG. Vi har ikkje full oversikt, seier Njåstad.