Fram til no har Haukeland Universitetssjukehus hatt einerett på planlagde hjernesvulstoperasjonar på Vestlandet.

Men denne veka opna styret i Helse Vest for at også Stavanger Universitetssjukehus kan utføre slike inngrep. I tillegg skal det opprettast ei ny overlegestilling i nevrokirurgi i sør.

Vedtaket skapar sterke reaksjonar i det nevrokirugiske miljøet i Bergen.

— Det er katastrofalt, og fører til at folk på Vestlandet totalt sett får eit dårlegare behandlingstilbod, seier Erling Myrseth, avdelingsleiar ved Nevrokirurgisk avdeling på Haukeland Universitetssjukehus.

- Avtalebrot

Han hevdar at Helse Stavanger har mobilisert lokalpolitikarar, lokalpresse og helseministeren for å få viljen sin gjennom.

— Heilt fram til styremøtet tysdag var det hektisk møteverksemd. I vedtaket vann Helse Stavanger fram på alle viktige punkt. Den ulovlege aktiviteten er no blitt legalisert. Dette viser at berre du er ulydig nok, får du lov til slutt.

Helse Vest vedtok sommaren 2002 at nevrokirurgi som regionfunksjon framleis skulle ligge i Bergen. Stavanger skulle behalde akuttfunksjonen. Året etter underteikna dei to sjukehusa ein samarbeidsavtale med same innhald.

Myrseth hevdar at Stavanger ikkje har etterlevd avtalen.

— Sjukehuset har utført 20-25 slike planlagde operasjonar i året. Då vi tok dette opp, sa dei opp samarbeidsavtalen med oss, seier Myrseth til BT.

- Emosjonelle argument

Ifølgje Myrseth skal to nevrokirurgar i Helse Stavanger ha truga med å seie opp, dersom sjukehuset ikkje fekk utføre planlagde operasjonar.

— Dette viser at det nevrokirurgiske tilbodet i Helse Vest blir bygd opp etter enkeltpersonars behov og ønskjer.

— Etter mitt syn er vedtaket basert på emosjonelle, ikkje faglege, argument. Men det blir ikkje fleire pasientar i Helse Vest på grunn av dette vedtaket. Når Stavanger behandlar fleire, må Bergen behandle færre, seier Myrseth.

Internasjonalt slår fagmiljøet fast at ei nevrokirurgisk avdeling treng eit befolkningsgrunnlag på ein million menneske for å drive godt. Helse Vest har 925.000 innbyggjarar.

— Det er ein samanheng mellom kor mange operasjonar ein kirurg utfører, og kvaliteten kirurgen leverer. Det er berre behov for ei nevrokirurgisk avdeling her. I staden for ei god avdeling får vi no to dårlegare, seier Erling Myrseth.