Komiteleiar Ågot Valle (SV), Frp-formann Carl I. Hagen og Ap-talsmannen Kjell Engebretsen, seier alle til Bergens Tidende at dei meiner forsvarsministeren opptrer arrogant både i forhold til EOS-utvalet og i forhold til Stortinget.

Kritikken gjeld saka om avdelingsdirektøren i Forsvarets Overkommando som vart oppsagt etter å ha blitt fråteken tryggingsklareringa si.

— Bruker regjeringsadvokaten

I går avslo statsråden å gje komiteen innsyn i ei tilråding regjeringsadvokaten har laga om rettstvisten mellom avdelingsdirektøren og departementet.

— Vi reagerer på at statsråden sjølv køyrer regjeringsadvokaten framfor seg i ei avgjerd ho sjølv står ansvarleg for. Ho nyttar regjeringsadvokaten som argument, men vi blir avskorne frå å sjå vurderingane, seier Engebretsen.

Hagen varsla i går at han i Stortingssalen vil fremje forslag til vedtak om at tilrådinga frå regjeringsadvokaten skal leggast fram for komiteen avdi statsråden sjølv har brukt regjeringsadvokaten som argument.

Kan møte mistillitsframlegg

I denne saka kan uvanleg mykje skje og bli avklara først når saka kjem til debatt i Stortinget onsdag kveld eller natt til torsdag.

— Vi vil ikkje diktere statsråden punkt for punkt. Men dei svar statsråden sjølv gjev i Stortinget, vil vere avgjerande for kva SV vil gjere. Eg hadde venta at statsråden inntok den same haldninga som forgjengaren, Bjørn Tore Godal. I staden trappar ho opp og demonstrerer at ho avfeiar kritikken frå EOS-utvalet. Det er forferdeleg provoserande, seier Valle til BT.

Formuleringane frå SV inneber at ein ikkje kan sjå bort frå at SV vil fremje eit direkte mistillitsframlegg mot Krohn Devold.

Ap slit

Frp og SV var i går klare til å formuelere ein knallhard kritikk mot statsråden i innstilling frå komiteen som skulle vore avgjeven i går. Arbeidarpartiet var derimot ikkje klar, og komiteen vedtok å utsetje avgjevinga til måndag. Saka er inngåande drøfta til topps i Ap der også parlamentarisk leiar Jens Stoltenberg har vore med.

Engebretsen opplyser til Bergens Tidende at Ap har laga utkast til formuleringar som dei har forsøkt å få SV med på, men at dei var for veike for SV.

Ap har kome til at ein for all del ikkje vil formulere seg slik at det kan oppfattast som eit inngrep i dei rettstvistane som verserer mellom den oppsagte avdelingsdirektøren og departementet.

Fleire som kjenner saka frå innsida, skuldar nå Ap for å demonstrere manglande leiarskap og feigskap.

Men Engebretsen er krystallklar på at departementet og statsråden si haldning til og behandling av EOS-utvalet er uhaldbar og sterkt kritikkverdig.

Engebretsen seier at partiet slit med å formulere kritikken.

I 1999 vart ein avdelingsdirektør i Forsvarets Overkommando fråteken tryggingsklareringa si. Deretter vart han oppsagt etter 37 års teneste i Forsvaret og Forsvarsdepartementet.

Han klaga saka inn for Stortinget sitt kontrollutval for dei hemmelege tenestene, EOS-utvalet. Utvalet har kritisert departementet i begge dei siste årsmeldingane for handteringa av saka.

Utvalet gjekk til det oppsiktsvekkande steget å kome med ny og skjerpa kritikk mot departementet etter at årsmeldinga for 2001 vart levert rett før påske.

Den nye kritikken var ein reaksjon mot forsvarsminister Kristin Krohn Devold sine reaksjonar på kritikken.

Stortinget er nå i innspurten med behandlinga av denne saka.