Både fylkesleiarar og stortingsrepresentantar for KrF går inn for at bombinga i Afghanistan skal halda fram. Bombestans no ville vera det verste av alt, seier dei til Bergens Tidende.

Men Gulen-ordførar Trude Brosvik, som er medlem av sentralstyret i KrF, har i intervju med Vårt Land gått motsett veg og åtvara sterkt mot å halda fram med bombinga, «for den fører berre til meir vald», seier ho.

Også Helland kritisk

Blant framståande KrF-arar i Hordaland er den nye ordføraren i Bergen, Kristian Helland, mest kritisk, men heller ikkje han er førebels parat til å setja foten ned:

— Dess meir ein bombar, dess meir usikker vert eg. Amerikanarane og resten av Vesten må spørja seg om dei verkeleg oppnår det dei vil. Eg er sjølv sterkt i tvil. Men eg forstår og at USA måtte reagera mot terroristar som Bin Laden, seier Helland.

Må og gje humanitær hjelp

Anita Apelthun Sæle var imot NATO-bombinga i Kosovo, men ser annleis på åtaket mot Talibanregimet og terroristane:

— Vi er nøydde til å erklæra terrorismen full krig, elles destabiliserer vi den frie verda. Om vi sluttar å bomba no, så hjelper vi ikkje afghanarane. Men eg vonar at denne freistnaden på å knekka terrorismen kan gå hand i hand med humanitær hjelp til eit folk som har lide mykje i mange år, meiner ho.

Ingmar Ljones ordlegg seg slik: - Det er litt vanskeleg å tenkja seg at bombinga skal ta slutt alt no. Det ville vera for lettvindt. Dersom bombinga held fram, minkar vel og faren for langvarig krig. Det er rett nok primitivt å driva med krigføring på denne måten, men eg har ikkje sett nokon visa til betre alternativ, svarar Ljones.

«No lyt vi stå saman»

Den tredje KrF-representanten frå Hordaland, Ingebrigt S. Sørfonn, leitar også etter alternativ for å knekkja terrorismen. Han trur ikkje det er løysinga å ta pause i bombinga, for då kan terroristane få høve til å byggja seg opp att og slå til mot nye sivile mål, meiner han.

— Amerikanarane og britane kan ikkje stansa bombeåtaka før Osama Bin Laden er uskadeleggjort.

No lyt vi stå saman, for ingenting gagnar terroristane meir enn at den vestlege verda vert splitta. Gløym heller ikkje at Taliban har teke livet av fleire enn krigen har gjort, seier Sogn og Fjordane-representanten Magne Aarøen.

Som å jakta på reven

Leiar i Hordaland KrF, Vilgerd Storset Husa frå Fedje, undrar seg på kva som vil skje med den vestlege kulturen dersom ein no bøyer unna:

— Dette er ein kamp mot fundamentalistar, og eg har inga tru på time-out i bombinga. Den er dessverre eit naudsynt vonde, meiner ho.

Tryggve Lillestøl, Vågsøy, er leiar i Sogn og Fjordane KrF. Han er overtydd om at ein ikkje kan koma terroren til livs utan å sleppa fleire bomber.

— Når ein jaktar på reven, kan ein ikkje gje opp, sjølv om ein veit at han har fleire utgangar. Det er elles ein tankevekkar, midt i tragedien, at Taliban har mishandla fleire av sine eigne enn amerikanarane no har gjort, legg han til.

PÅ FLUKT: To afghanske småjenter kikker ut av teltduken i ein flyktningeleir. Leiande KrF-folk på Vestlandet rår USA til å halde fram med bombinga. FOTO: REUTERS