Han synest det er meiningslaust med berre ein pensjonist på Stortinget.

Tre år før neste stortingsval betrur han Bergens Tidende at han gjerne kan tenkje seg ein ny periode på Stortinget.

— Det er meir enn 600.000 menneske i Noreg som er over 67 år. Det gjev inga meining at denne gruppa skal vera representert med berre ein person på Stortinget. For tida er denne eine personen John Alvheim frå Framstegspartiet. Korkje med sine meiningar eller med sin partifarge kan han seiast å vera representativ for denne mangslungne veljargruppa, seier han.

«Få eldre ned frå loftet»

— Eg seier som mellom andre Hanna Kvanmo: Skal pensjonistar skaffa seg makt, må dei delta i politisk arbeid.

Han legg til at det var eit radiointervju med pensjonert professor Peter F. Hjort som sette han på slike tankar. Han syntest det var for gale at han vart beden om å trekkja seg frå alle råd og utval då han vart pensjonist.

— Meiner du dei eldre har for liten påverknad på samfunnsutviklinga?

— Ja, i høgste grad. Sjå berre på den stadige diskusjonen om omsorgsbustader i staden for sjukeheimsplassar. Eg seier som Henry Valen: «Få eldre ned frå loftet og inn i politiske maktposisjonar.» Det som står fast er at tida er inne for ein omfattande debatt om dei eldre sin plass i samfunnsstyringa, konkluderer Tungesvik.

Tungesvik sat på Stortinget frå 1977 til 1985. Då han avslutta karrieren var han mellom anna parlamentarisk nestleiar i partiet, medlem av den utvida utanrikskomiteen og medlem av det økonomiske utvalet i Nordisk Råd.

Påverknad i partiet

Etter at Tungesvik gjekk ut av Stortinget i 1985 som 49-åring, har han spela ei meir attendetrekt rolle i partiet. Men alle som kjenner KrF, veit at han framleis øver stor påverknad i alle deler av KrF.

— Det har falle meg heilt naturleg å ta del både i samfunnsdebatten og i partiarbeid, fortel han.

Dei siste ti åra har han såleis vore lokallagsleiar i Etne KrF. I nokre år var Tungesvik også med i partiets strategiutval og har elles teke oppdrag både i nominasjonsnemnda og i landsmøtesamanheng.

Etablerte klinikk

Tungesvik takka nei til attval i 1985 fordi han ville etablera eit psykiatrisk senter i heimbygda Skånevik.

— Eg har heile tida vore svært glad i faget mitt, og eg hadde nok ein lengt til det. Oppbygginga og drifta av Frihamn-senteret har vore meir vellukka enn eg hadde tenkt meg, og eg har gått med glede til kvar einaste arbeidsdag.

I dag, nærare to tiår etter, konstaterer han at han tok feil av aldringsprosessen.

Same arbeidskraft

— Eg er glad for at eg kan seia at eg har same arbeidsglede og arbeidskraft som for 17 år sidan. Eg har eit uvanleg spennande og engasjerande yrke. Det held gløden levande. Men likevel, med sunt kosthald, regelmessig trim to-tre gonger i veka og ein rimeleg fornuftig livsstil elles, er det mi erfaring at helse og arbeidskraft kan haldast stabile svært lenge etter både 50 og 60 år.

— Men kven av hordalandsrepresentantane vil du utfordra?

— I prinsippet ingen, svarar han og legg til at hans comeback nok er avhengig av ei solid utviding av Kristeleg Folkepartis veljargrunnlag. Og her meiner han partiet har eit stort potensial å ause av, og som kan gje rom for både fire og fem representantar.

Ingen nominasjonskamp

— Eg sat sjølv i nominasjonsnemnda før siste stortingsval. Der var eg med å kjempa aktivt for å få inn Ingebrigt Sørfonn, Anita Apelthun Sæle og Ingmar Ljones på dei plassane dei har no. Både Sørfonn og Ljones er særs dugande og solide representantar. Og det er ikkje aktuelt for meg å gå ut i nominasjonskamp mot nokon av dei. I fall Apelthun Sæle vil trekkje seg etter denne perioden, er det naturleg å erstatta henne med ei kvinne, seier han, og legg til at han er svært optimistisk på vegner av partiet.

— Er det partipolitiske grunnar som ligg bak utspelet ditt?

— Nei, på ingen måte. Eg er svært nøgd med partiets innsats i regjeringa, sjølv om eg skulle ønskt at oppslutninga frå veljarane hadde vore større.

- Ingen ambisjonar

— Synest du det er naturleg at du overtek ein av dei tre topplassane på lista dersom ein av dei skulle verta ledig?

— Så langt har eg ikkje tenkt. Siktemålet mitt er å utvida den aldersmessige valfridomen til veljarane.

— Men vil du vera fornøgd med fjerdeplassen på lista?

— Eg har ikkje gjort meg tankar om nokon spesiell plass.

— Kva med dei unge i Hordaland KrF. Kor skal dei plasserast?

— Partiet har mange gode ungdomspolitikarar som må takast vare på. Men eg trur dei aller fleste har mykje å vinna på livsrøynsle og politisk røynsle fram til dei passerer KrFU-grensa på 33 år - før dei blir plasserte i stortingssalen.

— Kven har du informert om dette utspelet?

— Ingen bortsett frå deler av min næraste familie.

SITAT (legges inn i teksten):

«Eg er glad for at eg kan seia at eg har same arbeidsglede og arbeidskraft som for 17 år sidan»

ØNSKJER COMEBACK: Hans Olav Tungesvik (66) sa nei til attval på Stortinget då han var 49 år gamal. Men no er KrF-veteranen lei av at pensjonistane vert oversett i samfunnsdebatten, og ønskjer å gjere comeback som rikspolitikar.
FOTO: ROBERT BRAATHEN