KrF er framleis delt i synet på kven det bør samarbeida med etter neste stortingsval, men budsjettforliket har fått fleire tillitsvalde til å sjå med mildare auge på Arbeidarpartiet. To av dei er Kristian Helland (Bergen) og Trude Brosvik (Gulen).

— Det kan vera ei god løysing at Kristeleg Folkeparti stiller opp som støtteparti for ei Ap-regjering i 2005, for eg har lenge ivra for eit nærare samarbeid mellom Ap og KrF, seier Trude Brosvik som både er ordførar i Gulen og sentralstyremedlem i KrF.

Men Brosvik er ikkje utan atterhald, for framståande arbeidarpartifolk har hatt ein hang til å provosera KrF. Dette må det bli slutt på, og ho sender denne bøna til Jens Stoltenberg:

- Må slutta å ta omkamp

— Arbeidarpartiet må jenka seg og ikkje ta omkamp heile tida på ideologiske saker som betyr mykje for oss, som til dømes kontantstøtta og synet på friskular. Utspel frå både Trond Giske og Karita Bekkemellem Orheim har gjort samarbeidsklimaet vanskeleg. Men det hadde vore veldig kjekt om Arbeidarpartiet hadde lært av dette!

Trude Brosvik har med interesse merka seg at parlamentarisk leiar Jon Lilletun er meir nøgd med budsjettforliket enn med regjeringa sitt eige budsjettframlegg, og ho kommenterer det slik:

— Eg skjønar godt at han er glad, for KrF har gitt veldig mykje i samarbeidet med Høgre. Sjølv har eg heile tida vore skeptisk til denne samarbeidsmodellen, for vi har gitt for mykje etter for marknadsliberalismen, seier Brosvik til Bergens Tidende.

Utfordrar Stoltenberg

Kristeleg Folkepartis gruppeleiar i Bergen, varaordførar Kristian Helland, er strålande nøgd med at regjeringspartia har fått til eit budsjettforlik med Ap. Han vonar og at det vert meir enn ei eingongshending.

Helland minner om at han i valkampen i haust tok sterkt til orde for ein «storkoalisjon» i Bergens-politikken:

— No ser vi jamvel at dette er eit rett grep også på nasjonalt nivå, sjølv om det førebels er avgrensa til budsjettforliket. Skilnaden mellom Ap og Høgre er ikkje dramatisk, og med det politiske sentrum som «lim» ligg det her ei veldig politisk kraft, seier Helland.

— Men eg vil utfordra Jens Stoltenberg. Dersom han ønskjer at KrF skal skifta side, lyt han endra haldning både når det gjeld friskulelova og i delar av familiepolitikken. Det er ingen tvil om at mange på grasrota i KrF oppfattar nettopp Ap som den verste motstandaren på desse områda, legg han til.

- Eit lyseraudt Ap

Stortingsrepresentant Ingmar Ljones har frå ordførartida i Bergen lang røynsle med å samarbeida med Ap. Han seier at det har vore prega av gjensidig respekt, og «det er naturleg for oss i KrF å samarbeida med eit lyseraudt Ap og eit lyseblått Høgre.»

— Det er eit fornuftig samarbeid som no er inngått, men eg kan ikkje sjå at det vil få følgjer for regjeringssamarbeid på lengre sikt. Det er etter mitt skjøn ingen grunn til at vi ikkje skal samarbeida vidare med Høgre, seier Ljones.

Også nestleiaren i KrF, Knut Arild Hareide, åtvarar mot å leggja for stor vekt på forliket med tanke på samarbeid ved neste korsveg.

— Eg legg ikkje meir i dette enn at eg ser på det som eit eingongstilfelle, for vi må ikkje gløyma at det er store ideologiske skilnader mellom både Ap og Høgre og mellom oss og Ap.

PRISAR BUDSJETTSAMARBEIDET: Gruppeleiar Kristian Helland i bystyregruppa til KrF vonar samarbeidet med Ap blir meir enn eit eingongstilfelle. - Men då må Jens Stoltenberg endre haldning når det gjeld friskulelova og i delar av familiepolitikken, seier Helland. Her frå eit møte i bystyregruppa.<br/> ARKIVFOTO: GIDSKE STARK