• Gunnar Stålsett er heilt unyansert, einsidig og historielaus. Han burde freista å vera meir biskop enn politikar.

Det er stortingsrepresentant Magne Aarøen frå Sogn og Fjordane som med desse orda langar ut mot Gunnar Stålsett i Midt-Austen-debatten.

KrF-politikaren er elles irritert over alle som i desse dagar med krigshandlingar er mest opptekne av å vera «politisk korrekte».

Aarøen vil ikkje utan vidare forsvara Ariel Sharons harde linje mot Arafat og palestinarane, men han seier til Bergens Tidende at «det kan likevel i ettertid visa seg at det var dette som måtte til».

Hadde meir tru på Barak

Dei to KrF-tingmennene frå Hordaland, Ingebrigt S. Sørfonn og Ingmar Ljones, er meir kritiske til Sharon.

— Statsminister Sharons harde line har vore utfordrande og provoserande, og eg er ikkje så sikker på at det er den som vil bringa fred. Eg hadde meir tru på den politikken Ehud Barak stod for, seier Sørfonn.

Han presiserer likevel at Yasser Arafat må ta sin del av ansvaret for at sjølvmordsbombinga ikkje har teke slutt. Han har vore for passiv, slik Sørfonn ser det.

— Kva kan han vel gjera frå isolatet sitt?

— Det kan godt henda at eg gjer han urett, slik situasjonen nå er kome ut av kontroll. Men han er framleis ein samlande leiar med stor innverknad på palestinsk side.

— Har du tillit til Sharon?

— Eg har møtt han ein gong. Han har jo sin stil. Slik som det heile har utvikla seg i denne fasen har han nok eit stort fleirtal av jødane bak seg, seier Sørfonn.

Ljones klandrar Arafat

Også Ingmar Ljones klandrar Arafat for ikkje å ha vore klår nok i å ta avstand frå sjølvmordsbombarane. Han er samstundes overtydd om at kanonar og krut frå Sharons side ikkje er vegen å gå.

— No må Israel stansa og ikkje bruka si militære overmakt utover det som er gjort. Tida er inne for våpenstillstand og tingingar om fred.

På spørsmål om han framleis har tillit til Ariel Sharon, svarar Ljones:

— Han har støtte i eit demokratisk valt Knesset og i ei regjering som er utgått frå Knesset.

- Eit livredd folk

Magne Aarøen mistenkjer Yasser Arafat for å ha to agenda i den dramatiske fasen vi no er i. Men begge partar må tilbake til forhandlingsbordet.

Han prøver å forstå den israelske handlemåten:

— Eit folk som er livredd, har ikkje så mange utvegar. Når ein er pressa, nyttar ein dei midlar som finst. Eg forsvarar ikkje alt som er gjort av Sharon, men det kan likevel i ettertid visa seg at det var dette som måtte til.

REFSER STÅLSETT: KrF-politikar Magne Aarøen frå Sogn og Fjordane er irritert over alle som i desse dagar med krigshandlingar er mest opptekne av å vera «politisk korrekte».
FOTO: SCANPIX