— Det er klårt at den nedgangen vi opplever no, berre er eit blaff. Berre sjå, om få veker er vi oppe på høgdene att, klemde Tungesvik til med framfor årsmøteforsamlinga på Scandic Hotel, som i takksemd svara med applaus.

Også barne- og familieminister Laila Dåvøy hadde gode råd om korleis alt det skeive kan rettast opp.

— Ta tak i den næraste familien. Det har eg gjort. Før denne valkampen tok eg ein ringerunde og sikra mange nye medlemer. Og det gjekk mykje lettare enn eg hadde trudd. Mange spurde meg kvifor eg ikkje hadde vore i dei før, sa barne- og familieministeren då ho heldt politisk foredrag på årsmøtet i går.

Auka frådrag for gåver

Dåvøy heldt fram med å slå fast «at vi meir enn nokon gong treng eit Kristeleg Folkeparti som tek vare på ikkje-materielle verdiar». Men jamvel KrF må frå tid til annan ta føre seg høgst materielle verdiar, som til dømes skatt. Dåvøy valde då å framheva frådraget på 6 000 kroner for å gje til dei som har det minst.

— Vi arbeider for å auka dette frådraget til 12.000 kroner, sa statsråden.

For mykje samrøre

KrF er naturleg oppsett på å verna om det kristne verdigrunnlaget. I tråd med dette vedtok fylkesårsmøtet å be sentralstyret i partiet setja ned ei arbeidsgruppe for å førebu ein komande debatt omkring Grunnlova sin paragraf 2 (om statsreligionen) og føremålsparagrafen i grunnskulen. Årsmøtet meiner det trengst ein gjennomgang av undervisninga i kristendom, religion og livssyn i grunnskulen. I dag er det for mykje samrøre, meiner KrF i Hordaland.

Bruer og tunnelar

KrFs program for neste fylkestingsperiode vart elles vedteke utan altfor høg temperatur i debatten. Som vanleg i slike program, er samferdselssektoren den aller mest konkrete, med ei klårt oppstilt ynskjeliste:

Hardangerbrua, Jondalstunnelen, Arnatunnelen, Skansentunnelen, betre veg til Sotra, biltrafikken utanom bykjernen i Bergen, bybane, dobbeltspor Arna-Bergen, nytt jernbanespor til Bergen hamn.

Når våren kjem

At KrF er eit parti med humør, vart prova endå ein gong då Hans Olav Tungesvik som eit apropos til partiets familiepolitikk deklamerte eit nytt sistevers til Millom bakkar og berg. Verset hadde han fanga opp ein gong på Sotra:

« Fram på vetteren stundom han tenkte, gjev ei likare kona eg fann. Men når vårsol i bakkane blenkte, fann han ut at ho kunne gå an». Då losna låtten.