— Eg trivst veldig godt med å vera ordførar, så for den saks skuld skulle eg gjerne ha halde fram. Men eg lyt stå for noko. Eg har store problem med å forsvara mykje av det regjeringa driv på med. Ein kan ikkje halda fram som ordførar når ein ikkje kan forsvara si eiga regjering, seier Lunde til Bergens Tidende.

— Ligg det andre ting bak denne protesten?

— Nei, dette er einaste grunnen til at eg ikkje vil vera ordførar meir. Partiet mitt er hamna i eit ulukkeleg hopehav. Det visste eg på førehand, og det har eg sagt klårt ifrå om. Distriktspolitikken, samferdselspolitikken og alt som er knytt til kommuneøkonomien gjer meg ille til mote. Ulempene ved å vera med i regjeringa er langt større enn fordelane, legg han til.

Men melder seg ikkje ut

Fredag set Lorentz Lunde kursen mot Lillestrøm for å vera med på landsmøtet i KrF, for han har ikkje tenkt å melda seg ut or partiet. Han er heller ikkje verre på det enn at han er villig til å halda fram som meinig kommunestyrerepresentant etter valet.

— Kva er det viktigaste KrF har oppnådd gjennom regjeringssamarbeidet?

— Eg har problem med å peika på noko konkret som forsvarar at vi er med, bortsett frå den merkbare satsinga på barn og familie, for den er positiv, seier han.

Åtte KrF-ordførarar

Bergens Tidende har bedt alle dei åtte KrF-ordførarane i Hordaland nemna kva som etter deira skjøn er det viktigaste partiet har oppnådd.

Kristian Helland, Bergen:

— Eg vil særleg nemna dei gode tankane og framlegga Laila Dåvøy har kome med i familiemeldinga som nyleg er lagt fram. Dessutan har helseminister Dagfinn Høybråten sett eit prisverdig stempel på lovgjevinga innan bioteknologien. Derimot er eg mindre nøgd med at det har teke så lang tid å få forståing for at kommunesektoren må tilførast meir midlar.

Vilgerd Storset Husa, Fedje:

— U-hjelpa har heldigvis fått eit løft. Men det er trist at distriktspolitikken og næringspolitikken er blitt så mykje dårlegare enn under den førre Bondevik-regjeringa. Det er blitt mykje tyngre å vera ordførar og lokalpolitikar. Dersom ikkje næringslivet får betre rammevilkår, går det og ut over kommunane. For oss i utkantane ser det dystert ut, for både når det gjeld arbeidsgjevaravgift og transportstøtte har det kome endringar som er negative.

Fattigdom

Rolf Sandstad, Austrheim:

— Eg er glad for at Erna Solberg vil gje kommunane større råderett over deira eigne inntekter. Frå ein KrF-synsstad er eg svært nøgd med det som er gjort for å regulera genteknologien. Familiepolitikken er og eit pluss, med Laila Dåvøy som ansvarleg statsråd. Elles er eg glad for at fattigdomsproblemet er løfta meir fram på dagsorden.

Marit Aksnes Aase, Samnanger:

— KrF lyt profilera seg noko meir på det som er vår politikk. Eg er avventande når det gjeld regjeringssamarbeidet vidare, men kampen mot fattigdom både her heime og internasjonalt fortener honnør. Dessutan gir eg honnør til helseministeren for restriksjonane som er komne innan genteknologien.

Olav P. Årland, Austevoll:

— Det er særleg det som er gjort innan familiepolitikken som er verdt å trekkja fram. I helsesektoren har vi og fått godt gjennomslag for KrFs politikk. Derimot saknar eg framleis dei gode grepa innan kommuneøkonomien. Trøysta får vera at det var ikkje betre under tidlegare regjeringar.

Slit med entusiasmen

Olav Haugen, Sveio:

  • Eg er overtydd om at den økonomiske politikken som er ført har mykje av æra for at renta har gått ned. Det er det viktigaste for meg. Men som parti hadde vi det betre under sentrumsregjeringa. Då stod vi meir samla. Eg vil elles vera varsom med å kritisera, for dei som er med i regjeringa står på og har det tøft nok.

Asbjørn Heidal, Fusa:

— Eg vil nøya meg med å peika på rentereduksjonen som det mest positive. Som ordførar er eg lei for at vi har fått lite gehør for det vi har etterlyst med tanke på ein betre kommuneøkonomi. Både eg og partiet slit med entusiasmen for regjeringssamarbeidet.

TRIVST, MEN …: Lorentz Lunde trivst eigentleg godt som ordførar og kunne ha tenkt seg å halda fram, men han har store problem med å forsvara mykje av det regjeringa driv på med.<br/> Arkivfoto: JOHN LINDEBOTTEN