• Grunnmuren er sikra. No skal vi byggja huset større, lovar KrF-leiar Dagfinn Høybråten. Han drøymer om 10 prosent ved kommune- og fylkestingsvalet.

Trua er diverre ikkje like sterk som draumen.

— Eg trur på sju prosent, vonar på åtte og drøymer om 10 prosent. Vi er ikkje nøgde med å liggja på pluss/minus seks prosent, slik vi har gjort altfor lenge på meiningsmålingane, seier Høybråten.

6,8 prosent vart resultatet ved stortingsvalet i 2005. 11 representantar på Stortinget er lite samanlikna med supervalet frå 1997, då KrF sanka 25 representantar og fekk statsministeren i same slengen.

Ungdom og kvinner

Etter den tid har KrF vore gjennom ei vanskeleg tid, med leiarstrid og vonde saker for partiet.

Landsmøtet i Molde verkar som eit teikn på at partiet har lagt det vonde bak seg.

— Vi er topptrente og i storform. Aldri før har vi hatt så mange listekandidatar på kurs. Og så langt i år har vi ein netto medlemsvekst på over 500, seier Dagfinn Høybråten, som legg til at aldri har kvinnene utgjort ein så stor del av listekandidatane.

— Vi har også nådd målet vårt om at minst 100 ungdommar skulle inn på sikre plassar.

Yngre enn Kjell Magne

Eit teikn på denne nye satsinga er den klåre sigeren 25 år gamle Inger Lise Hansen henta heim laurdag då landsmøtet valde ny 2. nestleiar etter Knut Arild Hareide. Vinnaren fekk 103 røyster, meir enn dei to konkurrentane, Odd Anders With og Ellen Solheim, fekk til saman.

— Dette er eit tidsskilje for KrF. Inger Lise er den yngste nestleiaren partiet nokosinne har hatt. Eg hugsar sjølv landsmøtet i 1975, då Kjell Magne Bondevik vart vald til nestleiar. Han var 27, seier Høybråten.

- Kjem ein reaksjon

Partileiaren nemner vår tids sterke materialisme og overdrive forbruk som ei årsak til at Kristeleg Folkeparti slit med å samla veljarar.

— Dette minner litt om jappetida på 80-talet. Det kom ein reaksjon til slutt, som førte til ei KrF-bølgje. Vi trur det kjem ein reaksjon no og på den materialismen vi ser rundt oss. Då vil andre verdiar enn dei materielle koma meir i fokus. Det vil Kristeleg Folkeparti tena på. Vi vil liggja framfor den utviklinga med vår sterke vektlegging på menneskeverd, miljø og kamp mot fattigdom.

Rundt i heile landet

— No skal de ut i valkampen med ein leiartrio som høyrer heime på strekninga Oslo-Kristiansand. Er ikkje det eit problem for eit parti som tradisjonelt har sine mest trufaste veljarar langs kysten i vest?

— Vi er merksame på dette. Men vi trur vi har gode planar for gjera ein god valkamp likevel. No er vi tre på toppen i partiet med stor arbeidsevne. Vi skal reisa mykje og vera til stades i heile landet, seier 1. nestleiar Dagrun Eriksen.

— Vil KrF-leiinga fortelja lokallaga sine kven dei kan samarbeida med, eller ikkje kan samarbeida med, etter kommune- og fylkestingsvalet i haust?

— Nei. Det trur vi dei lokale KrF-leiarane finn best ut av sjølve. Vi har ikkje tenkt å dirigera dei i dette spørsmålet, slik dei gjer i andre parti, svarar Dagfinn Høybråten.

TOPPTRIO: På toppen oppfyller Kristeleg Folkeparti kvinnekvoten, og vel så det. På landsmøtet laurdag vart 25 år gamle Inger Lise Hansen vald til ny 2. nestleiar. Her står ho saman med partileiar Dagfinn Høybråten og 1. nestleiar Dagrun Eriksen.

FOTO: JEFF GILBERG, SCANPIX

Gilbert, Jeff