Det inneber at KrF vil få Medhaug-saka servert på eit fat under innspurten av valkampen.

Førstestatsadvokat Harald L. Grønlien opplyser til Bergens Tidende at han nå sender saka med alle saksdokument og klagene frå dei to advoktane tilbake til politiet i Haugesund.

– Saka går med ei påteikning frå meg om at påtaleansvarleg jurist som har behandla saka tidlegare, skal gjennomgå klagene og kome med sine synspunkt. Så skal saksdokumenta returnerast hit, seier Grønlien.

Grønlien opplyser at han fylgjer hovudregelen i riksadvokaten sitt direktiv for behandling av denne typen saker.

Den ansvarlege påtalejuristen er for tida på ferie og vil først vere tilbake på jobb i veke 35, det vil seie etter 25. august.

Grønlien vil ha saka tilbake i løpet av den veka. Han har ikkje gjeve instruks om etterforskingsskritt i samband med oversendinga av dokumenta til politiet.

Det kan likevel tenkjast at politiet sjølv vil vurdere om det er behov for nye avhøyr, seier Gronlien til Bergens Tidende.