— Dette får Kontrollkomiteen ta seg av, sa Kosmo då Bergens Tidende ba stortingspresidenten om ein kommentar til VG sine avsløringar i går. Kosmo var forgjengaren til Norman som administrasjonsminister.

Krev svar frå Bondevik

Frp-formann Carl I. Hagen er endå meir kontant og direkte. Til Bergens Tidende seier han, på telefon frå USA der Kontrollkomiteen nå er på studietur:

— Eg reknar med at Victor D. Norman nå må gå. Uansett om Norman er statsråd eller ikkje når vi kjem tilbake frå USA neste måndag, vil Kontroll- og konstitusjonskomiteen be om ei utførleg orientering frå statsminister Bondevik.

SV sendte i går brev til Norman og ba han forklare seg. Siri Hall Arnøy, som representerer SV i Kontrollkomiteen, seier til Bergens Tidende at det ser ut til at Norman meiner at regelverket ikkje gjeld for han.

— Det er i seg sjølv oppsiktsvekkande. I tillegg har han demonstrert ein mangel på moderasjon som både er oppsiktsvekkande og nedslåande. Han har som statsråd både ansvar for lønsoppgjer og for at regelverk i staten blir fylgt, seier Arnøy.

Belastning

Også i regjeringspartia er ein bestyrta over Norman sine handlingar, disposisjonar og utsegner. Heilt sentrale representantar gjev under hand uttrykk for at Norman nå er blitt ei enorm belastning for Regjeringa og ikkje minst for statsministeren. Misnøyen går også langt inn i Høgre.

Det er fleire forhold politikarane meiner vitnar om alvorleg sviktande dømekraft, som ligg bak misnøyen:

VG kunne fortelje om at statsråd Norman i ei rad tilfelle har sprengt alle reglar og grenser for representasjon. I fleire tilfelle har han invitert med seg tidlegare statssekretær Christine B. Meyer på middag etter at ho gjekk av som statssekretær. Avisa kunne også fortelje at Norman har fått disponere piano i husværet han disponerer i Oslo. Pianoet er innkjøpt av midlar som var avsett til velferdstiltak for seks departement .

-Høyrer ingen stad heime

— Vi må få ei orientering om reglane for representasjon, restaurantbesøk og andre utgifter som ein statsråd pådreg det offentlege. Sjølvsagt skal statsrådar kunne ha ein viss representasjon, men å kjøpe vin langt ut over alle grenser, det høyrer ingen stad heime, seier Hagen.

— Vi må også få svar på korleis det er råd at dette passerer utan at Norman blir trekt i løna. Og kvifor får han ikkje beskjed om at han bryt regelverket og grensene? Det verkar som om dei grunnleggande kontrollsystema manglar eller sviktar.

Hagen vil også ha forklaring frå Bondevik på korleis det var råd for Norman å få stilt til disposisjon eit nytt piano og eit stereoanlegg etter at departementsråden hadde gjeve avslag. Avslaget kom etter at departementsråden hadde vore i kontakt med statsministerens kontor.

— Norman er nå sterkt svekka når det gjeld posisjon og omdøme. Det må vere eit stort problem både for statsministeren og for partiet Høgre, kort tid før Norman skal gå i lønsforhandlingar med dei offentleg tilsette, seier Hagen.

<b>I HARDT VÊR:</b> Administrasjonsminister Victor D. Norman får kraftig kritikk frå SV til Frp for bruk av representasjonsutgifter, og stortingspresidenten ber om gransking av statsråden.
Scanpix