Dette er det mest konkrete resultatet av Stortinget si oppfølging av Riksrevisjonen si eiga gransking av Norsk Tipping.

I løpet av dei siste åra har fleire leiarar i tippeselskapet måtta gå, og styret er skifta ut.

Tidlegare har Riksrevisjonen, sterkt imot riksrevisor Jørgen Kosmo sin vilje, også mista revisjonsansvaret for Noregs Bank.

Kontrollkomiteen på Stortinget fastslår nå samrøystes «at det åpenbart har eksistert en ukultur i Norsk Tipping AS. Denne ukulturen har blant annet gått ut på manglende habilitet og armlengdes avstand i forhold til leverandørsiden».

Komiteen påpeikar at Norsk Tipping som monopolinstitusjon for nasjonale pengespel er avhengig av tillit i folket.

Kritikk mot Riksrevisjonen

Vidare skriv komiteen: «Det har foreligget tette bånd mellom ledelsen og deler av styret i Norsk Tipping AS og leverandørsiden som er utfordrende».

Komiteen meiner det er særleg urovekkjande at Riksrevisjonen har funne grunn til å stille spørsmål om grunnlaget for pengetransaksjonar mellom tilsette og tilknytte selskap.

Komiteen meiner det framleis er uklart kvifor ikkje dei mest graverande forholda som nå har kome for ein dag, ikkje er avdekte tidlegare.

Komiteen påpeikar at Riksrevisjonen si gransking først vart sett i verk etter at ein tilsett i Norsk Tipping hadde varsla om fleire kritikkverdige forhold i selskapet.

Dette kan oppfattast som ein kritikk av Riksrevisjonen: at Riksrevisjonen ikkje har gjort jobben sin på eit tidlegare tidspunkt

«Problematisk dobbeltrolle»

Alle partia på Stortinget, så nær som Frp, går nå inn for at Norsk Tipping bør få ein ekstern revisor. Frp meiner derimot at Riksrevisjonen har særs god kompetanse og bør halde fram som revisor for Norsk Tipping.

Finansminister Sigbjørn Johnsen, som var styreleiar i Norsk Tipping inntil han i fjor haust vart statsråd, har for sin del kome til at Riksrevisjonen får ei «problematisk dobbeltrolle» som Stortingets kontrollorgan og selskapsrevisor for det same selskapet.

Det var det same resonnementet som låg bak då tidlegare finansminister Kristin Halvorsen og regjeringa i fjor gjekk mot å la Riksrevisjonen ha revisjonsansvaret for Noregs Bank.

Både det tidlegare styret og Kulturdepartementet får klar kritikk frå kontrollkomiteen.

— Dekkjande og rettmessig

  • Vi som nå sit i leiinga for Norsk Tipping, oppfattar innstillinga frå kontrollkomiteen som dekkjande for forholda og at kritikken er rettmessig. Vi noterer oss at komiteen er nøgd med dei tiltaka vi har sett i verk for å rydde opp, seier styreleiaren i Norsk Tipping, fylkesmann Lars Sponheim, til Bergens Tidende.
  • Sjølv stiller eg meg undrande til at fleire av dei forholda som nå har kome for ein dag, ikkje er oppdaga og lege ned på tidlegare.
  • Kva er forklaringa på det?
  • Eg trur mange har festa lit til den tidlegare leiinga og trudd at alt var i orden, seier Sponheim.