VIDAR YSTADvidar.ystad@bt.noOslo — Vi har bestemt oss for å stille spørsmål til Kosmo i spørjetimen, opplyser stortingsrepresentant Morten Lund til Bergens Tidende. Spørsmålet vil kome opp onsdag.Lund er leiar for næringskomiteen på Stortinget. Politikarar i fleire andre parti på Stortinget har rg reagert sterkt mot Kosmo sitt inngrep. "Spesielt" Laurdag kunne Bergens Tidende avsløre at statsråd Kosmo greip inn i Konkurransetilsynet sitt arbeid med Kværner/Aker Maritime-saka. - Det inngrepet som Kosmo har gjort overfor Konkurransetilsynet er såpass spesielt at det krev ei skikkeleg grunngjeving. Vi vil vite kva slags motiv og grunnlag han har hatt for å gå til eit slikt skritt, seier Lund. Konkurransetilsynet hadde bede fem oljeselskap uttale seg om korleis dei vurderer verknadane av ein eventuell fusjon mellom Kværner og Aker Maritime. Høyringsfristen var sett til 27. april. Ville utsetje høyringsfrist Konkurransetilsynet har mynde til å gripe inn, nekte fusjon eller stille vilkår dersom dei finn at ein fusjon vil gå ut over konkurransen.Kosmo fekk på ein eller annan måte frå kjelder utanfor departementet kjennskap til saka som var under behandling i Konkurransetilsynet. Sjølv nektar Kosmo å opplyse noko om kven som kontakta han.Ein av ekspedisjonssjefane i departementet fekk pålegg av Kosmo om å instruere Konkunrransetilsynet om å utsetje høyringsfristen til etter generalforsamlinga i Kværner. Eineståande Poenget med inngrepet var å hindre at vurderingar av ein eventuell fusjon mellom Kværner og Aker Maritime, vart kjent før generalforsamlinga i Kværner.Eit slikt inngrep er eineståande. Mangeårig direktør i Konkurransetilsynet (tidlegare Prisdirektoratet), Egil Bakke, opplyste til Bergens Tidende at han aldri i si tid opplevde noko liknande. Han hadde sterke reaksjonar mot eit slikt inngrep.

Les også: Nervekrig framfor møtestart