VIDAR YSTADOsloAdministrasjonsminister Kosmo har ikkje vore tilgjengeleg for å kommentere saka overfor Bergens Tidende.

— Det må vere heilt sjølvsagt at denne typen instruks skjer skriftleg. Det er i strid med alt som heiter god forvaltningsskikk at slikt skjer berre munnleg.Dette seier professor Jan Fridthjof Bernt til Bergens Tidende. Han er ekspert på offentleg rett ved Universitetet i Bergen. Bernt seier vidare:

- Som å instruere politiet - For det andre er det svært tvilsamt om politiske styresmakter har høve til å gje instruks til ein kontrollinstans som har i oppgåve å kontrollere etterleving av norsk lov. Eg har klare motforestillingar mot det som her har skjedd. Det liknar svært mykje på det tilfellet at politiske styresmakter skulle blande seg inn og gje instruksar til politiet om kva saker som skulle etterforskast, når og korleis, seier Bernt.

- Verre og verre - Dei nye avsløringane i BT er sterk kost. Denne saka blir berre verre og verre. Det som har skjedd, er ikkje berre uklokt og uryddig. Nå viser det seg at Kosmo si handtering også er i strid med reglar som vart etablert mellom Konkurransetilsynet og departementet under den førre konkurransedirektøren.Dette seier stortingsrepresentant Gunnar Kvassheim. Han er nestleiar i Venstre.

— At Kosmo attpå til går aktivt inn og styrer saksbehandlinga i Konkurransetilsynet, og at det også skjer på ein sporlaus måte, aukar grunnlaget for kritikk. Dette er på den andre sida godt i samsvar med Ap sine dårlegaste tradisjonar om styring og dirigering gjennom nettverk og usynlege hender, seier Kvassheim.

- Uhøyrt - Det er uhøyrt at ein statsråd blandar seg inn i den løpande behandlinga av saker i eit tilsynsorgan som Konkurransetilsynet. Når Kosmo gjorde det, slik det skjedde, kan det berre bety at han opptrer på parti med eina av partane i saka, nemleg Kjell Inge Røkke, seier stortingsrepresentant Morten Lund (Sp).

Lund meiner det ikkje skulle vere turvande å inngå avtale eller forståing mellom Konkurransetilsynet og Administrasjonsdepartementet om "køyrereglar for inngrep".

— Det som nå er avdekka, understrekar behovet for ei klar markering eller endring for å sikre at tilsynsorgana får ei fri stilling i høve til politisk kontroll og dirigering, seier Lund.

Kven han Kosmo agere? Både Lund og Høgres, Trond Helleland, meiner det nå er viktig å få svar frå Kosmo på kven som kontakta han og ba han intervenere.

— Dette er endå meir påkravd etter det vi nå har fått vite. Denne saka luktar ikkje heilt bra, seier Helleland.Kosmo har hittil nekta å opplyse om dette. Helleland meiner det vil vere naturleg at den stortingskomiteen som får Høgre sitt lovframlegg til behandling å ta opp dette spørsmålet.

"Oppsiktsvekkande" - Det er svært viktig for tilliten til kontrollorganet at Konkurransetilsynet kan opptre uavhengig. Hope gjorde det heilt rette då han fekk til ei ordning som stilte krav til saksbehandlingsreglar, seier Høgres Erna Solberg. Ho finn det oppsiktsvekkande at desse spelereglane ikkje vart fylgt i Kværner-saka.

**fakta/Kosmo sitt inngrep *** Laurdag 28. april avslørte Bergens Tidende at statsråd Jørgen Kosmo hadde instruert Konkurransetilsynet i behandlinga av ein eventuell fusjon mellom Kværner og Aker Maritime. * Kosmo hadde pålagt ein ekspedisjonssjef i departementet å instruere Konkurransetilsynet om å utsetje høyringsfristen for fem oljeselskap som var bedne om å vurdere verknadane av ein fusjon. * Kosmo kravde at fristen skulle utsetjast til etter generalforsamlinga i Kværner, 4. mai. Kværner har oppfatta inngrepet som ei direkte handsrekning til Kjell Inge Røkke i kampen om Kværner. * Det er ingen spor av instruksen korkje i Konkurransetilsynet eller i Administrasjonsdepartementet. Instruksen skjedde munnleg. * Kosmo har nekta å opplyse kven som ba han ta affære. * Saka har fått politisk etterspel. Kosmo har måtta svare på to spørsmål frå Stortinget og Høgre fremjar nå eit lovframlegg retta mot Kosmo sine handlingar. * I går skreiv BT, med tidlegare konkurransedirektør Einar Hope som kjelde, at Kosmo sitt inngrep har skjedd i strid med spelereglar som i si tid vart etablert mellom Konkurransetilsynet og departementet.