2. november fekk Kosmo tildelt storkors av St. Olavs orden for innsatsen som stortingspresident.

Han er dermed den første stortingspresidenten sidan Carl Joachim Hambro i 1937 som blir tildelt St. Olav. Også Hambro fekk storkorset, «for statsborgarleg forteneste».

— Ingen motførestellingar

Kosmo poengterer overfor Bergens Tidende at han sa ja til å motta St. Olav først etter at han hadde gått av som stortingspresident.

Han opplyser at han var i dialog med ordensrådet medan han sat som stortingspresident.

— Eg fann det ikkje rett å motta ordenen så lenge eg sat som aktiv politikar på Stortinget. Då eg gjekk av, hadde eg ingen motførestellingar mot å motta St. Olav, seier Kosmo. Han skal nå overta som riksrevisor og sjef for Riksrevisjonen, som er Stortinget sitt kontrollorgan.

Ap-politikarar har tradisjonelt sagt nei til å ta imot kongelege utmerkingar, som St. Olav. Kosmo stadfester at han er kjent med dette. Han legg til at det får vere opp til den einskilde å avgjere korleis ein vil forhalde seg. Han ønskjer ikkje å gje ytterlegare kommentarar.

Takka nei

Statsminister Jens Stoltenberg og hans nye regjeringsmedlemer har signalisert at dei ikkje ønskjer å ta imot St. Olav.

Mangeårig statsminister Einar Gerhardsen sa til dømes nei, men han takka ja til å motta borgerdådsmedaljen.

Fylkesmann, tidlegare stortingspresident, Kirsti Kolle Grøndahl (Ap), seier for sin del til Bergens Tidende at ho for mange år sidan gjorde det klart at ho som første kvinnelege stortingspresident, ikkje kunne tenkje seg å motta St. Olav dersom det skulle bli aktuelt.

— Eg hadde den haldninga med meg som ein del av farsarven min, seier Kolle Grøndahl.

— Korleis reagerer du då på at Kosmo nå har teke imot St. Olav?

— Det får vere hans vurdering. Dette er heilt individuelt. Men eg forstår godt dei som ikkje ønskjer å ta imot, seier Kolle Grøndahl.

Skred av tildelingar

Statuttane for tildeling av St. Olav vart endra i fjor. Då vart det innførd ein ny regel som seier at statsminister og utanriksminister kan få St. Olav etter eitt års teneste. Andre regjeringsmedlemer kan få St. Olav etter fire års tenestetid.

Dette resulterte i eit skred av tildelingar til regjeringsmedlemer i Bondevik-regjeringa i fjor haust.

10. september i fjor fekk Kjell Magne Bondevik storkorset. Same dag fekk Odd Einar Dørum, Lars Sponheim, Dagfinn Høybråten, Valgerd Svarstad Haugland, Hilde Frafjord Johnson og Jan Petersen same utmerkinga. Noko seinare på året var det Kristin Clemet og Laila Dåvøy sin tur.

Ingen som Bondevik

Ein gjennomgang av tildelingar etter 1960 som Bergens Tidende har gjort, viser at ei rad tidlegare politikarar har fått St. Olav. Men desse tildelingane har skjedd på eit anna grunnlag enn for innsatsen som politikar. Det er embetsgjerningar som då er blitt påskjøna.

Utanom Bondevik som vart kommandør med stjerne i 2004, fekk tidlegare statsminister, dåverande fylkesmann Kåre Willoch (H) den same utmerkinga i 1996. Tidlegare finansminister Per Kleppe fekk den same graden i 1988. Grunnlaget var arbeidet som generalsekretær i EFTA.

Ap-folk takkar ja

Fem tidlegare statssekretærar for Ap er blitt kommandørar i løpet av dei siste 20 åra. Det gjeld Erik Himle i 1985, Erik Ribu i 1986, Sigmund Larsen i 1987, Per M Ølberg i 1988 og Morten Wetland i 1998. I tillegg kjem fire tidlegare statsrådar og ein statsminister (Nordli) frå Ap: Ingvald Ulveseth i 1991, Jens Evensen i 1993, Odvar Nordli i 1993, Alv Jakob Fostervoll i 1995 og Ellen Horn i 1999. Ingen av desse tildelingane skjedde for politisk innsats men var basert på embetsinnsats eller «samfunnsgagnleg verke».

Tidlegare statsminister Lars Korvald (KrF) vart kommandør av St. Olavs orden i 1986, etter å ha vore fylkesmann i ei årrekkje. Grunnlaget var «samfunnsnyttig verke».

I 1998 vart tidlegare stortingspresident Jo Benkow (H) kommandør av St. Olavs orden. Grunnlaget var «innsats for menneskeverd og toleranse».

UTRADISJONELL: Jørgen Hårek Kosmo braut med ein Ap-tradisjon då han takka ja til kongeleg ordenstildeling. 2. november fekk han storkors av St. Olavs orden for politisk innsats. ARKIVFOTO: SARA JOHANNESSEN/SCANPIX