Dei meiner det som nå har kome fram, avdekker ein systemsvikt i Forsvarsdepartementet.

Fleire tidlegare statsrådar opplyser til Bergens Tidende at rutinane dei kjenner, har vore at statsråden leverer rekningane sine straks han eller ho kjem tibake frå reise, og at kontorpersonalet tek seg av føringa.

Departementet har også oversikt over reiserute og program, og det blir stilt spørsmål, dersom opplysningar manglar, om måltid er betalt. Så blir det gjort frådrag i diettsats.

— Rydde opp sjølv

Fleire tidlegare statsrådskolleger av Kristin Krohn Devold kjenner seg ille rørde over det som nå har kome fram gjennom BT sine avsløringar.

Bergens Tidende har grunn til å tru at saka også vart lufta under eit møte mellom dei tre partileiarane og tidlegare statsrådskollegaene, Erna Solberg (H), Lars Sponheim (V) og Dagfinn Høybråten (KrF) onsdag.

Tidlegare finansminister og partikollega av Krohn Devold, Per-Kristian Foss, nøyer seg med denne knappe kommentaren til Bergens Tidende:

— Dette reknar eg med at Kristin Krohn Devold sjølv ordnar opp i.

Foss er nå medlem av kontrollkomiteen på Stortinget og var med på vedtaket i komiteen tysdag om å be Moderniseringsdepartementet klargjere kontrollrutinane i departementa. Foss er også nestleiar i Høgre.

- Sjølvsagt

— Nå har kontrollkomiteen bede om å få full informasjon om systemet for behandling, kontroll og godkjenning av reiserekningar og representasjonsutgifter. Eg tek det som sjølvsagt at det er eit felles system som gjeld for alle departementa og at systemet er innskjerpa i kjølvatnet av Victor Norman-saka, seier visepresidenten på Stortinget, Frp-formann Carl I. Hagen, til Bergens Tidende.

— Eg tek det også som sjølvsagt at systemet må omfatte ein detaljert kontroll av rekningar frå alle i den politiske leiinga, statsråd, statssekretærar og politiske rådgjevarar. Det er viktig mellom anna ut frå omsynet til å verne medlemene i den politiske leiinga mot unødvendige negative avisoppslag. Dersom ein statsråd i sin travle arbeidsdag skulle gløyme at ein er blitt påspandert middag eller lunsj eller har fått andre ytingar, vil det vere ein fordel å ha eit kontrollsystem som fangar opp slikt. Det gjeld både for ein statsråd, ein statssekretær eller ein politisk rådgjevar. Dei kan ikkje krevje kompensasjon eller dekning for utgifter dei ikkje har hatt.

- Dekt utgifter som ikkje er

— Dei opplysningane som ligg føre om Kristin Krohn Devold i denne saka, tyder på at ho har kravd dekning for utgifter ho ikkje har hatt. Eg ønskjer ikkje med det å påstå at ho medvite har halde tilbake relevante opplysningar, eller at ho medvite har gjeve urette opplysningar. Kva som faktisk har skjedd, har eg i dag ingen bastante meiningar om, seier Hagen.

Bergens Tidende har stilt fleire konkrete spørsmål til Forsvarsdepartementet om rutinane for behandling, kontroll og godkjenning av reiserekningane til den tidlegare forsvarsministeren.

Departementet svarar ikkje på om Kristin Krohn Devold reint faktisk fylte ut sine eigne reiserekningar.

Departementet nøyer seg med å opplyse at statsråden skreiv under og er ansvarleg for innhaldet.

Departementet svarar heller ikkje på spørsmål om korleis det kan ha seg at mange uttak av alkohol frå minibar som er gjort av statsråden, er godkjende av departementet.

PÅPEIKAR: - Ein kan ikkje krevje kompensasjon eller dekning for utgifter ein ikkje har hatt, seier Frp-formann Carl I. Hagen.

ARKIVFOTO: HÅVARD BJELLAND

PÅPEIKAR: ¿ Ein kanikkje krevjekompensasjon ellerdekning for utgifterein ikkje har hatt,seier Frp-formannCarl I. Hagen.ARKIV
HÅVARD BJELLAND