I går kom Kontrollkomiteen saman til eit ekstraordinært møte for å behandle oppfylginga av 2003-rekneskapen til Forsvaret. Komiteen lit ikkje på forsikringane dei har fått frå forsvarsministeren.

I november fekk Stortinget meldinga frå Riksrevisjonen om at revisjonen for første gong i historia har underkjend rekneskapen for Forsvaret.

Mange spørsmål

Det skjedde berre nokre veker etter at forsvarsministeren og finansminister Per-Kristian Foss hadde stått i Stortinget og forsikra at økonomistyringa i Forsvaret aldri har vore betre.

Mot denne bakgrunnen stilte Kontrollkomiteen i november ei rad spørsmål til forsvarsministeren.

Statsråden svara 3. desember og forsikra at «alt nå var teke hand om og under kontroll».

Dessutan stilte Forsvarskomiteen heile 83 spørsmål med tanke på behandlinga av 2005-budsjettet.

«Alt i orden»

— Vi fekk forsikringar frå statsråden om at alt var i orden, seier leiaren i Forsvarskomiteen, Marit Nybakk (A) til Bergens Tidende.

Opplysningane som seinare har kome, om milliardsprekk i 2004-rekneskapen, har sendt sjokkbylgjer inn i det politiske miljøet, og ikkje minst inn i Kontrollkomiteen som nå arbeider med den underkjende 2003-rekneskapen, og i Forsvarskomiteen.

Begge komiteane fekk svar frå statsråden som tydde på at problema var tilbakelagt og at ein nå hadde full økonomikontroll.

«Ryddet på plass»

«I de svar som ble gitt av forsvarsministeren i brev av 3. desember 2004 ble det gitt uttrykk for at de forhold som førte til feil og mangler i det avlagte regnskap for Forsvarsdepartementet gjeldende budsjettet 2003 var ryddet på plass» skriv komiteen i eit brev som vart sendt til statsråden i går.

Komiteen oppfatta forsvarsministeren sitt svar slik at det var «visse overgangsproblemer» som nå er løyst, som var årsak til at rekneskapen for 2003 vart underkjent.

— Opplysningar vi nå har fått gjennom media, dels frå statsråden sjølv, frå forsvarssjefen og frå andre innan Forsvaret, gjev inntrykk av at mange av dei feil og manglane som var til stades i 2003 også i stor grad vil gjelde for 2004. Alt ser ikkje ut til å vere i orden.

Risikrerer grilling

Før vi kan avgje innstillinga for 2003-rekneskapen, er det om å gjere å få klarlagd om dette er situasjonen, best mogeleg, seier stortingsrepresentant Kjell Engebretsen (A) til Bergens Tidende. Han er nestleiar i Kontrollkomiteen og saksordførar for denne saka.

— Når vi får nye svar frå statsråden vil vi vurdere om saka er tilstrekkeleg opplyst eller om det er behov for å gjennomføre ei open kontrollhøyring, seier Engebretsen.

PRESSA: Kristin Krohn Devold.
SCANPIX