VIDAR YSTAD

Oslo

Det opplyser konkurransedirektør Knut Eggum Johansen til Bergens Tidende.

Det skjer på bakgrunn av ein artikkel som stod på trykk i avisa Dagens Næringsliv laurdag.

Her kom det fram at advokatfirmaet BA-HR vurderer å fremje store økonomiske krav mot ein tidlegare partnar i firmaet, av di fleire klientar han har hatt, har vald å fylgje han over til det nye firmaet han arbeider i, Wiersholm.

Vil sjå nærare

Ifølgje advokat Sam Harris i BA-HR har advokatfirmaet BA-HR ein partnaravtale som seier at partnarar som forlet firmaet ikkje kan arbeide for tidlegare klientar før etter ein periode på to år.

— Eg har merka meg opplysningane i denne artikkelen, og vi vil sjå nærare på denne saka, seier Eggum Johansen.

— Eit internt regelverk om karantene er ein type avtale som vil kunne vere i strid med konkurranselova. Er den det, vil avtalen ikkje vere lovleg og dermed ugyldig. Om det er slik, avheng av kor skadeleg avtalen verkar på marknaden. Det seier jusprofessor Hans Petter Graver ved Universitetet i Oslo til Bergens Tidende. Han leidde lovutvalet som laga utgreiinga om ny konkurranselov.

«Heilt vanleg»

Advokat Sam Harris, som er styremedlem og partnar i BA-HR, seier til BT at han oppfattar at det er heilt vanleg - i alle fall i større advokatfirma - å ha karantenereglar som regulerer overgang.

Han er tydeleg overraska når BT kan opplyse at Konkurransetilsynet vil sjå nærare på denne saka med bakgrunn i overgangen frå BA-HR.

— Dette er heilt nytt for meg. Det er rart at Konkurransetilsynet i så fall skulle bruke ressursar på ei konkret sak som dette. BA-HR er rett nok eit stort advokatfirma, men har ikkje ei dominerande stilling. Er det derimot det generelle temaet som er målet, stiller det seg annleis, seier Harris.

«Påminning»

Ifølgje Harris fann advokatfirmaet BA-HR i fjor haust grunn til å minne advokat Trond Sanfelt om karantenereglane då han varsla at han ville tre ut av firmaet. Det vart i denne samanhengen teke atterhald om at brot på karantenereglane kunne utløyse krav om erstatning.

Hovudregelen til firmaet er at ein advokat «ikkje kan ta med seg klientar» og heller ikkje utan godkjenning frå BA-HR utføre oppdrag for tidlegare klientar.

«Uetisk»

Bergens Tidende har vore i kontakt med fleire andre advokatar og tidlegare advokatar med spørsmål om dei har eller har kjennskap til slike reglar.

Svara sprikar svært. Nokre seier at dei ikkje har slike reglar og heller ikkje har kjennskap til slike reglar. Nokre meiner at slike reglar nærmast er uetiske sidan dei kan legge hindringar i vegen for det frie advokatvalet.

Store firma som Thommessen og Schjødt har også reglar for slike overgangar, men dei er ifølgje opplysingar frå desse selskapa ikkje i nærleiken av å vere så «rigide» som dei reglane BA-HR handhevar.

Manglar oversikt

Advokatforeningen har ikkje kjennskap til i kva grad norske advokatfirma har og praktiserer karantenereglar for advokatar som trer ut av firmaet og går til eit anna firma.

Generalsekretær Merete Smith i Advokatforeningen seier at intern organisering av advokatfirma bør ikkje skje på ein slik måte at det hindrar klientane sine frie val av advokat.

FRITT ADVOKATVAL MÅ SIKRAST: Generalsekretær Merete Smith i Advokatforeningen seier at advokatfirma ikkje bør organiserast slik at det hindrar klientane sine frie val av advokat.<br/> ARKIVFOTO: SCANPIX