1. mai blir ein viktig dato for Konkurransetilsynet. Den dagen trer den nye og strengare konkurranselova i kraft med meir EU-tilpassa reglar. Same dag opnar tilsynet kontor i Bergen.

Norske bedrifter som heretter blir tekne av Konkurransetilsynet, kan vente seg ein heilt annan kvardag enn hittil.

Nå vil det bli snakk om administrative bøter som ligg på eit mykje høgare nivå enn det ein har risikert gjennom straffeforfylging hittil. Bøtenivået frå EU ligg gjerne seks gongar høgare enn praksis frå Noreg, og Noreg skal nå opp på EU-nivå. Det kan dels bli administrative bøter for selskapa, dels vanleg straffeforfylging i rettsapparatet for dei ansvarlege personane.

— At det kan bli bøter på fleire ti-tals millionar kroner er heilt klart. Dataselskapet Microsoft fekk til dømes ei bot på 4,2 milliardar kroner av EU for konkurransehindrande tiltak, opplyser juridisk direktør Mads Magnussen i Konkurransetilsynet.

Nytt forbod

Den nye konkurranselova set forbod mot misbruk av dominerande stilling. Den vil ramme ikkje berre store verksemder, men også bedrifter som er dominerande i små og lokale marknader.

Konkurransetilsynet har alt nå fleire bransjar under oppsikt der det kan vere aktuelt å gå inn og granske misbruk av marknadsmakt.

Bryggeribransjen spring ein i auga gjennom omfattande verkemiddel som skal motverke den frie konkurransen. Tilsynet er obs på forholda.

— Når ei bedrift får ein marknadsprosent på over 40, må ein vere på vakt. Men det er også andre kriterium ein kan sjå etter. Det kan handle om lojalitetsrabattar, koblingsrabattar, underprising for å bli kvitt konkurrentar, leveringsnekting og klausular om underleveransar, seier avdelingsdirektør Lasse Ekeberg.

Utnyttar føremon

At ikkje berre store verksemder kan kome i søkjelyset, vitnar ei sak som alt nå er under arbeid. Det gjeld ein betongprodusent som er dominerande innanfor ein radius på 10 mil.

— Det er ikkje straffbart å vere stor, men ein må vere på vakt mot at dei store kan utnytte posisjonen sin. Korleis skaffe seg føremon i konkurransen gjennom til dømes «innlåsing» er typisk noko av det ein lærer på handelshøgskulane. Det overordna for oss er å ta vare på forbrukarane sine interesser. Dei er best tent med at konkurransen fungerer, slår konkurransedirektør Knut Eggum Johansen fast overfor Bergens Tidende.

Bøterabatt

Konkurransetilsynet får nå eit nytt verkemiddel som siktar mot å kome kartellverksemd og anna ulovleg pris- og marknadssamarbeid til livs. Selskap som er eller har vore involvert i slik verksemd, vil kunne få bøterabatt eller heilt gå fri om dei tipsar Konkurransetilsynet om kva som har skjedd eller pågår.

— Dei som hjelper Konkurransetilsynet i å oppklare eigen eller andre sin kriminalitet, kan få bøterabatt, seier Magnussen.

Dette er eit prinsipp som i fleire år har vore gjeldande i norsk strafferett.

— Vi vonar at dette verkemiddelet skal motivere aktørar til å tipse slik at vi oppnår å destabilisere kartellverksemda. Vi vonar på betre og meir konkrete tips slik at vi kan effektivisere arbeidet med å avdekke og oppklare konkurransekriminalitet, seier avdelingsdirektør Cecilie Wetlesen Borge.

Flytting til Bergen

1. mai opnar Konkurransetilsynet kontor i Bergen, tre år etter at regionkontoret der vart lagd ned. Frå starten vil det nye kontoret ha ein avdelingsdirektør på plass. I løpet av dei komande tre åra, skal kontoret byggjast gradvis opp, medan kontoret i Oslo blir bygd ned i tilsvarande tempo slik at det nye hovudkontoret skal vere på plass i Bergen frå 1. januar 2007. — Frå starten vil vi bygge opp ei avdeling for helseøkonomi og helsevesen i Bergen. Siktemålet er å finne fram til metodar for å effektivisere drifta. Dette er eit enormt område med milliardar av kroner i omsetning. Så effektiviseringstiltak kan dermed gje enorme innsparingar, seier Knut Eggum Johansen.

2. juni vil Konkurransetilsynet arrangere eit seminar om helseøkonomi i Bergen.