ARNE HOFSETH

Tre gonger vart Olav Medås skyttarkonge og kunne henta den store kongepokalen heim til Granvin. Skarpskyttaren har enda fleire små kongepokalar etter sigrar på Vestlandsstemner, og har vunne stort sett det som vinnast kan i Det frivillige skyttarvesenet.

Medås har også markert seg som instruktør for unge og lovande skyttarar. Fagkunnskap som snikkar og tømrar har kome godt med i tallause dugnader.

Fylkesmannen hengde medalja på bringa til Medås under den store skyttarfesten som framleis pågår i ungdomshuset Trudvang. Granvin Skyttarlag har ikkje berre kongegull å feira i kveld. Laget er 125 år, og ny skytebane på Råe vert innvia. I høve jubileet, har tidlegare BT-redaktør Kjartan Rødland skrive bok. Den vert presentert i løpet av laurdags kvelden.

FOTO: ARNE HOFSETH