VIDAR YSTAD vidar.ystad@bt.noOsloHan krev at Kongen i statsråd for andre gong skal handsame same sak med krav om dokumentinnsyn. Dette framgår av eit brev sivilombodsmann Arne Fliflet har sendt til Utanriksdepartementet. Vil ikkje avfinne seg Ombodsmannen bad i juni i fjor om innsyn i hemmelegstempla dokument om Vardø-radaren for å kunne behandle ei klagesak frå Bergens Tidende. I desember avgjorde Kongen i statsråd at ombodsmannen, og berre han personleg, skulle få tilgang til desse dokumenta. Ingen andre ved ombodsmannen sitt kontor, skulle få sjå dokumenta.Etter grundige vurderingar har ombodsmannen, som er Stortinget sin kontrollinstans, ikkje kunne avfinne seg med denne med avgjerda. I statsråd på ny "Det er ingen tvil om at den begrensningen som her er lagt på ombudsmannen vanskeliggjør min undersøkelse av saken. Jeg kan vanskelig se at Kongen er henvist til å sette en slik begrensning på ombudsmannens adgang til å bruke sine medarbeidere til undersøkelsen," skriv ombodsmann Fliflet. — Svært gledeleg Ombodsmannen apellerer nå til Kongen i statsråd. Han krev at Kongen i statsråd for andre gong skal behandle kravet hans om innsyn i graderte dokument som gjeld den omstridde amerikanske radaren i Vardø. Generalsekretær Nils Øy i Norsk Redaktørforening helsar ombodsmannen sitt utspel overfor Utanriksdepartementet med entusiasme:- Det er svært gledeleg at ombodsmannen markerer kvar skapet skal stå, seier Øy.I brevet sitt til UD påpeikar ombodsmannen at han vil måtte fråvike den fast etablerte arbeidsordninga hjå ombodsmannen: at alle klagesaker blir behandla i to ledd før ombodsmannen tek endeleg avgjerd. Han slår vidare fast at dette er "i samsvar med grunnleggende prinsipper om god saksbehandling". "Betydelig inngrep" Den arbeidsmåten som Kongen i statsråd gjennom Utanriksdeaprtementet sitt opplegg har lagt opp til vil "derfor innebære et betydelig inngrep i ombudsmannens arbeidsmåte", skriv ombodsmannen. Fungerande pressetalsmann Bjørn Berge i UD kan ikkje seie korleis UD nå vil handtere denne saka.

Fakta/ radarsaka * I februar i fjor presenterte Bergens Tidende i fleire reportasjar den nye amerikanske radaren i Vardø, Globus II. BT bad så Utanriksdepartementet om innsyn i ei rad dokument om radaren i Vardø. UD nekta innsyn.* BT klaga avgjerda inn for Sivilombodsmannen. Han tok saka under behandling. Ombodsmannen fekk etter kvart tilgang til ein del av dokumenta, men ikkje alle. UD heldt unna alle hemmelegstempla dokument.* Først i desember i fjor, eit halvt år etter at han bad om tilgang til alle dokumenta i saka, fekk han samtykke av Kongen i statsråd. Men Kongen stilte som vilkår at berre ombodsmannen personleg skulle få innsyn.