Det inneber at saka må fram for Kongen i statsråd. Saka kan ikkje ferdigbehandlast i departementet medan statsråden er på ferie. Første statsråd skal haldast 4. august. Då er også justisminister Knut Storberget tilbake frå ferie, noko som er ein føresetnad for at saka kan behandlast i statsrådet.

Lovverket

Habilitetsreglane er regulert av paragraf 61 i straffeprosesslova. Hovudprinsippet her er at ein overordna kan avgjere habilitetsspørsmålet for den underordna.

Justisdepartementet har fått mynde til å avgjere om riksadvokaten ikkje er ugild, sjølv om Justisdepartementet ikkje har mynde over riksadvokaten. Men vilkåret er då at det er heilt klart at riksadvokaten ikkje er ugild. Dette går fram av kommentarutgåva til straffeprosesslova forfatta av ekspertane, lagdommar Hans Kristian Bjerke og advokat Erik Keiserud.

Dersom det er den minste tvil om riksadvokaten er habil eller han må reknast som inhabil, må saka opp for Kongen i statsråd.

Dette framgår av forarbeida til straffeprosesslova. Dette er også haldninga i Lovavdelinga i Justisdepartementet.

Måtte vike sete

Det finst ein historisk parallell til denne saka.

I 1978 måtte riksadvokat Lauritz J. Dorenfeldt, sterkt mot sin vilje, vike sete i behandlinga av den såkalla «liste-saka».

Justisdepartementet kom til at det var mest tilrådeleg å oppnemne sette-riksadvokat etter at det frå fleire hald var reist tvil og innvendingar mot habiliteten til Dorenfeldt. Lovavdelinga var den gongen heilt klar på dette. Dorenfeldt lika det svært dårleg, får Bergens Tidende nå opplyst.

Byrettsjustitiarius Johan F. Meyer i Bergen byrett vart oppnemnt som setteriksadvokat.

«Liste-saka» var kallenamn på ei sak som galdt innsamling av namn på tilsette og bilnummer som tilhøyrde dei hemmelege tenestene. Fleire personar vart tiltala og dømde i saka. Tre fekk fengsel på vilkår, ein fekk deldom: eitt års fengsel og av det måtte 60 dagar sonast.

Riksadvokat Busch har nå gått sterkt imot påstandar om at han er ugild til å behandle noko spørsmål ved Treholt-saka. BT kunne i går fortelje at Busch i brev til Justisdepartementet gjev uttrykk for at han er habil.

— Openberrt inhabil

Her møter han kraftig motbør.

— Det må vere heilt openberrt at han er inhabil i denne saka. Det kan det ikkje vere tvil om. Det undrar meg også at han vil setje prestisjen sin inn på ein slik måte som han har gjort i denne saka, seier professor Ståle Eskeland til Bergens Tidende. Han er professor i offentleg rett med spesialområdet strafferett ved Universitetet i Oslo.

Fakta/Treholt-saka

I 1985 vart byråsjef Arne Treholt i Utanriksdepartementet dømt til 20 års fengsel for spionasje til fordel for Sovjetunionen og Irak.

Seinare har han gjort fleire forsøk på å få saka gjenoppteken.

Han fekk innvilga søknad om nåde i 1992 av helsemessige årsaker.

I vår fremja han på ny krav om å få saka gjenoppteken. Saka er nå til behandling i Gjenopptakingskommisjonen.

Det er nå reist innvendingar mot habiliteten til såvel riksadvokat Tor-Aksel Busch som førstestatsadvokat Lasse Qvigstad. Dei var saman aktorar i straffesaka mot Treholt.

FAKSIMILE av sak i BT torsdag.

Larsen, Håkon Mosvold