Ormen Langes gassflamme lyste over det svære industriområdet på øya Gossen i Aukra då kongen offisielt opna gasseventyret for Romsdal.

Kongen var på Nyhamna også før utbygginga tok til i 2003, og var i går imponert over det som er skapt i mellomtida.

– Det imponerer å sjå kor svært og ryddig anlegget er, sa kong Harald medan sønnavinden piska regnet i andletet.

Ein stolt Hydro-sjef, Eivind Reiten, oppvaksen i Aukras nabokommune, stod ved sida.

Røkke og Reiten tok grep

Men Aker Kværner-eigar, moldensaren Kjell Inge Røkke, kunne ikkje delta. Industrikonsernet var representert ved konsernsjef Martinus Brandal.

Aker Kværner har bygt mesteparten av landanlegget for Hydro i Aukra. Selskapet har i alt hatt kontraktar for 11 milliardar kroner av Ormen Langes totalkostnad for fase 1, Aker Kværner Stord åleine 7,8 milliardar.

BT kjenner til at både Reiten og Røkke personleg har hatt handa på rattet etter kvart som Ormen Lange-prosjektet har gått fram, sidan klarsignalet blei gitt for 42 månader sidan.

11.000 på folkefest

Medan olje— og energiminister Åslaug Haga, Hydro- og StatoilHydro-toppane Eivind Reiten og Helge Lund markerte opninga på Gossen saman med gjester frå Shell og Storbritannia, deltok over 11.000 romsdalingar på folkefesten og gratiskonserten som Hydro inviterte til på Aker Stadion i Molde.

På scenen deltok blant andre Ane Brun, Röyksopp og Jo Nesbø, med Frode Alnæs som konferansier.

På det ein kvadratkilometer store industriområdet på Nyhamna fekk dronning Sonja og kong Harald ei grundig innføring i den kompliserte teknologien i prosessanlegget, der første gass frå Ormen Lange-feltet strøymde inn 13. september.

Kong Harald fekk eit målarstykke av den lokale kunstnaren Arne Nøst i opningsgåve av Hydros konsernsjef Eivind Reiten.

Kallestad, Gorm