Det er nemleg langt mellom kvinnenamna når Kongens fortenstmedalje vert delt ut. Ei berekning BT har gjort som byggjer på ei oversikt frå Slottet, viser at berre to av ti som kvart år får Kongens fortenstmedalje i sølv, er kvinner.

Enda vanskelegare er det for kvinnene å nå opp når det står om den gjævaste medaljen. Berre ei av ti som kvart år gjer seg fortent til Kongens fortenstmedalje i gull, er kvinner.

Kan ingenting gjera

— Eg er ganske sikker på at kongen gjerne skulle sett at det var full likestilling. Men kongen kan ikkje seie: «Gutter, her må vi ha femti prosent kvinner!», seier kongehusekspert og statsvitar Carl-Erik Grimstad. I boka «Bak fasaden» har han skrive om ordensvesenet som Kongens fortenstmedalje er ein del av.

  • Kongen kan ikkje overprøva kvar einaste avgjerd. Det ville vera å snu opp ned på tankegangen bak ordensvesenet, seier han.

Ordninga er ein av dei få restane som er att av eineveldet, og Grimstad seier at tildelinga reflekterer kjønns- og maktforholda i samfunnet.

— I dette makthierarkiet blir leiaren for ein sjukeheim mindre verdt enn leiaren for ei stor næringslivsbedrift, som er del av mannsbastionane. Men ordensvesenet er i utgangspunktet ei udemokratisk ordning.

— Dei som er på toppen av makthierarkiet, tildeler seg sjølv ordenar og medaljar, seier han.

- Kor problematisk er det?

— Det er like problematisk som i samfunnet elles, og ein refleksjon av at økonomiske og sosiale posisjonar blir fordelte til fordel for menn. Dette handlar ikkje om vond vilje, men om strukturelle forhold og inngrodde førestellingar, seier Grimstad.

— Skal kvinnekvoten opp, må kvinners innsats i samfunnet både verta meir synleg og verdsetjast i større grad, seier Bjørg Unstad, leiar i samfunnsavdelinga hos Likestillings- og diskrimineringsombodet.

Slottet gjorde om

Ho opplyser at Likestilingsombodet ved eit høve fekk omgjort eit avslag om tildeling som gjaldt ei kvinne. Då Slottet fekk fleire opplysningar om kvinna, vart den tidlegare avgjerda omgjort, og kvinna fekk tildelt medaljen.

— Organisasjonar og andre bør verta flinkare til å innstille kvinner, seier ho.

Unstad kastar også ballen over til fylkesmennene.

— Dei har ei viktig rolle med å oppfordra organisasjonane til å foreslå kvinnelege kandidatar til medaljen.

Det skjer aldri i Hordaland.

— Vi sender berre vidare dei forslaga som kjem inn, seier assisterande fylkesmann, Rune Fjeld.

I Sogn og Fjordane hender det at Fylkesmannen tek initiativ til å få foreslått kandidatar. Likevel er det ikkje ei einaste kvinne derifrå som har fått fortenstmedaljen i gull dei siste fem åra. Men ni menn har fått medaljen.

— Det reflekterer nok samfunnet rundt oss. Medaljen er ei løn for innsats gjennom 20 til 30 år, og då er det meir naturleg at kvinnene ikkje er komne med enno. Vi må rekne med at dette vil betre seg i åra som kjem, seier rådgjevar Kåre Vangelsten hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Kongens fortenstmedalje

År Menn Kvinner % Menn % Kvinner
2007 222 58 79 21
2006 205 56 79 21
2005 209 53 80 20
2004 216 34 87 13
2003 197 49 80 20

Kongens fortenstmedalje gull

År Menn Kvinner % Menn % Kvinner
2007 60 11 85 15
2006 52 9 85 15
2005 47 4 92 8
2004 40 5 89 11
2003 54 7 89 11

Kven meiner du fortener medalje? Diskuter saka her.