Konsernsjefen i Hydro fekk eit solid handtrykk av kong Harald og ein varm klem av dronning Sonja idet feiringa av gigantprosjektet, også omtalt som Reitens baby, starta i Molde og Aukra i ettermiddag.

— Eg forstår at spørsmålet blir stilt, men i dag er vi her for å markera Ormen Lange, sa Evind Reiten då han blei konfrontert med Hydros mulige korrupsjonssak i Libya og Reitens avgang som styreleiar i StatoilHydro.

Opninga av Norges største industriprosjekt og vårt nest største gassfelt blir offisielt feira i Møre og Romsdal i dag, med blant andre olje- og energiminister Åslaug Haga, StatoilHydros konsernsjef Helge Lund, den britiske statssekretæren Stephen Timms og Shells toppsjef Jeroen Van der Veer til stades saman med kongeparet.

— Dette er ein dag til å vera stolt av Hydro, av prosjektet, av teknolo-gien og folka som står bak, og det gode samarbeidet mellom mange partar, sa Eivind Reiten.

— Nokre kallar det min baby. Dette er ein stor unge med mange foreld-re. Dette er ein dag til å feira og til å takka, sa Eivind Reiten.

Medan dei prominente gjestene drog til Nyhamna i Aukra for å offsisielt opna gassterminalen og Ormen Lange-produksjonen,

KONGEN OG REITEN: Eivind Reiten og kona Frøydis Odden tok imot kong Harald til fei-ringa av Ormen Lange-prosjektet i Molde i dag.
OVE A. OLDERKJÆR