46,5 prosent av folket meiner at han er den beste representanten for det norske kongehuset, ifølgje ei meiningsmåling som Infact har gjort for VG.

Kronprins Haakon kjem som ein god nummer to på lista, med støtte frå 28 prosent av dei spurde.

Litt fleire menn enn kvinner samlar seg om kongen, medan kronprinsen er mest populær blant damene. Dronning Sonja kaprar tredjeplassen med 9,5 prosent. Kronprinsesse Mette-Marit tek fjerdeplassen på lista og må finne seg i å bli grundig slått av dronninga. 4,2 prosent av dei spurde meiner kronprinsessa er den beste representanten for kongehuset. Nokre fleire menn enn kvinner er samde i dette.

Prinsesse Märtha Louise får 2,9 prosent av stemmene. 2,4 prosent av mennene og 3,4 prosent av kvinnene meiner prinsessa er det beste valet for monarkiet.

Ektemannen Ari Behn får støtte frå berre 0,5 prosent av dei spurde kvinnene, medan 2,4 prosent av mennene meiner han er den fremste representanten for kongehuset. Ari Behn har ei støtte på 1,5 prosent totalt.

7,5 prosent av dei spurde har inga spesiell meining om saka.