VIDAR YSTAD

For 10 år sidan var 1/3 av røystesedlane blanke då Hagen stilte til attval. I går fekk han 203 røyster av 203 stemmesetlar. Det har aldri skjedd tidlegare.

«Gest»

Hagen seier at han opplevde det som ein gest frå landsmøtet for den innsatsen han har lagt ned for partiet at han vart attvald for sin siste periode, samrøystes. Om to år vil han ha sete som formann i partiet i 28 år, ein «uslåeleg» rekord.

Hagen seier nå at det også er det første landsmøtet han har opplevd utan å ha kjent seg skamfull over nokon av innlegga frå talarstolen. Han seier det er imponerande.

Eli Hagen ber den unike tittelen «formannssekretær». Ho er sekretær for ektemannen, partiformannen. Kva ho skal gjere om to år, er ikkje klart. Men Hagen seier at han er viss på at dei skal finne ei løysing som gjer at dei to framleis kan arbeide saman. Det skal gjelde også om han får oppfylt draumane sine, anten om å bli statsråd — aller helst statsminister - eller medlem av presidentskapen på Stortinget.

Stortingsvalet

I mellomtida skal dei jobbe saman for at neste års stortingsval skal bli det beste i Frp si historie. Det betyr betre enn 15,3 prosent og meir enn 26 representantar. Ifylgje Hagen vil partiet kunne oppnå mellom 30 og 40 prosent dersom alle som seier dei kunne tenkje seg å røyste Frp, faktisk gjorde det.

Frp vil gå til val neste år med Hagen som statsministerkandidat uavhengig av kva som skjer i forholdet til andre parti.

Under landsmøtefesten laurdag kveld kunngjorde partiformannen at partiet nå er på god veg til å bli i dette hundreåret kva Ap var i førre århundre.

Partiet har altså teke mål av seg til å vippe Ap ned frå trona både som største parti og som arbeidsfolket sitt parti.

Samstundes fastslår partisekretær Geir Mo at LO er ute etter å ta Frp. Partiet er førebudd på å bli skyteskive.

Bompengar, kyrkjer,fingeravtrykk

Strid om bompengar og strid om omdisponering av kyrkjebygg var dei to sakene som skapte heftigast debatt og høgast temperatur då landsmøtet vart avslutta i går.

Det vart også realtiv frisk debatt om partiet skal gå inn for at det blir innførd eit nasjonalt ID-kort som inkluderer fingeravtrykk, som alle må bere med seg. Dette skal vere eit verkemiddel i kampen mot kriminalitet.

I den første saka lei heile formannstrioen nederlag då landsmøtet med knapp margin (91-86) vedtok eit framlegg om å ta ut passusen om at partiet ikkje er prinsipielt imot bompengar.

Den andre saka handla om verdispørsmål. Her fall mange harde ord mellom partane i spørsmålet om Frp skal akseptere at kykjebygg som ikkje er i bruk, kan bli selde og eventuelt bli tekne i bruk som moskear. Med 90 mot 69 røyster gekk landsmøtet imot eitkvart framlegg som går på muslimsk overtaking av kyrkjer.

På barrikadane

Både Terje Søviknes og John I. Alvheim kasta seg sterkt inn i debatten for at partiet skulle sende eit tydeleg signal her. Dei vann fram. I denne saka vart det åtvara mot sokneprest Einar Gelius, som har teke til orde for at kyrkjer kan bli moskear. Han var tidlegare statssekretær for Ap. I yngre år var han sentralstyremedlem i FrpU.

I denne saka var partiformann Hagen på vinnarsida medan 1. nestleiar Siv Jensen kom i mindretal. Ho ynskte å avvise framlegget.

Framlegget om ID-kort er tidlegare lansert av stortingsrepresentant Arne Sortevik. I den saka leid han eit knusande nederlag i stortingsgruppa. Det vart åtvara mot overvaking og for personvern.

Men landsmøtet gjekk inn for framlegget med om lag 130 mot 64 røyster.

FULL STØTTE: Samtlege 203 delegatar stemte for å attvelje Carl I. Hagen som partileiar.<p/> FOTO: SCANPIX