Jernbaneverket tilrår at Ringeriksbanen skal kryssa Kroksund i bru, ikkje kroka seg rundt Steinsfjorden via Åsa. Dette er som å vifta med raud klut framfor Fredrik C. Hildisch og hans våpendragarar i protestgruppa «Miljøet i bygda vår» i Hole. Sidan traséen også rører ved eit våtmarksområde, har dei også Ramsau-konvensjonen å slå i bordet med.

— Utgreiingane viser klart at konfliktnivået er høgast for Kroksund-alternativet, vedgår Jernbaneverket i tilrådinga si til Samferdsledepartementet.

Men større trafikkpotensial, kortare lengde, særleg tunnellengder, og 700 millionar kroner lågare kostnad, gjer utslaget.

Den lokale motstanden kan dels knytast opp til at fordelane vert hausta av folk i andre regionar, medan dei fleste ulempene fell på dei lokale. På den andre sida gav Hordaland fylkesutval klar tale – at Ringeriksbanen er ei alt for viktig sak til å enda opp som ein lokal interessekonflikt i Hønefoss–Oslo-området.

Banen kortar inn togreisa mellom Bergen og Oslo med 58 kilometer, rundt 45 minutt i tillegg til tidsvinsten med krengetog (Signatur).

Tanken om snarvegen vart lansert alt i 1858. I 1891 og 1892 vart det lagt fram proposisjonar som Stortinget utsette. Først hundre år etter, 18. juni 1992, gjorde Stortinget det berømte «hestehandelvedtaket» der Kjell Opseth fekk fleirtal for Lærdalstunnelen mot at SV fekk lovnad om jernbane på Ringerike.

I november 1996 vedtok Stortinget at det berre skulle arbeidast med alternativa over Kroksund og Åsa, begge med tilknyting til Drammensbanen i Sandvika. Difor er ei bane direkte til Oslo S ikkje nærare utgreidd. Ringeriksbanen vil såleis heller forringa enn forbetra tilhøva på «flaskehalsen» inn mot Oslo.

I tillegg til kortare togtur til og frå Bergen, legg Jernbaneverket vekt på at lokaltrafikken mellom Ringerike og Oslo bør overførast frå buss til tog, fordi gatenettet i Oslo har problem med å svelja unna eit aukande tal bussar.

Protestgruppa i Hole har peika på at jernbanen gir eit par jernbanehaldeplassar i staden for nær 30 buss-stopp.

Jernbaneverket er svært oppteke av at ei jernbanebru over Kroksundet får ei god utforming sidan brua blir eit svært synleg element i landskapet. Men dei har truleg god tid. Førre samferdsleminister gjekk inn for å legga Ringeriksbanen på is i eit tiårs tid, for å prioritera andre oppgåver på jernbanenettet.