HANS K. MJELVA

I fjor gjekk talet på tilsette i kommunane ned for første gong sidan krigen, som eit resultat av den stramme kommunale økonomien.

Men medan fattige ordførarar har møtt lite forståing hjå kommunalminister Erna Solberg, har talet på årsverk i hennar eige departement auka med 6,1 prosent det siste året.

Det viser departementets eigen oversikt i årets statsbudsjett, der talet for 1. mars 2004 kan samanliknast med tilsvarande tal året før.

Mykje å gjere

— I hovudsak skuldast det ein vekst på innvandringsområdet, seier politisk rådgjevar Roger Iversen i Kommunal- og regionaldepartementet.

Solbergs engasjement i innvandringssaker krev ifølgje Iversen fleire juristar.

— Det har rett og slett blitt behov for å gjennomføre ei rekke ting på dette feltet, seier Iversen.

Før helga kom Aetat med ferske tal som tyder på at talet på tilsette i kommunane held fram med å gå ned, også i år.

Nestleiar Tove Stangenes i Fagforbundet, som organiserer dei fleste kommunetilsette, reagerer på det ho meiner er dobbeltmoral.

— Det er nok eit bevis på at departementet ikkje lever som det lærer, seier Stangenes.

Nye hender

Sjølv om tala på årsverk er noko heilt anna i departementet enn i heile kommunesektoren, meiner Stangenes departementet burde gå føre med eit godt døme i sin eigen kamp for å få ned dei offentlege kostnadene.

Veksten i departementet er på 23,5 årsverk til 276, noko som tilsvarar nær 10 prosent vekst. I følgje departementet sjølv skriv åtte av årsverka seg frå «en fordobling av antall fødsels-/omsorgspermisjoner». Eitt årsverk er overført frå Utdanningsdepartementet, medan resten er nye, friske hender.

LIV OG LÆRE: Medan ho krev at kommunane må spare har kommunalminister Erna Solberg auka staben i sitt eige departement med 6,1 prosent det siste året. ARKIVFOTO: SCANPIX