Torskefisket er alfa og omega for Leif Bognøy på Manger i Radøy.

— Sjarkfiskaren har spesialisert seg på å fange levande torsk, det best betalte torskefisket du kan drive med. Men får forskarane det som dei vil, blir det full stopp i torskefisket både for yrkesfiskarar og hobbyfiskarar frå neste år.

Blodfersk torsk kan bli mangelvare.

— Det vert eit ramaskrik om vi ikkje kan levere juletorsken, seier Bognøy.

Full kollaps

Dei lokale torskestammene som lever i fjordane har vore i tilbakegang heilt sidan 1994. Dei siste vurderingane frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES) er at tilstanden no er verre enn nokon gong.

Gytebestanden har aldri vore mindre, og det blir enda verre neste år.

— Som fiskeri kan ein nærast snakke om full kollaps, seier forskingsdirektør Ole Arvid Misund hos Havforskningsinstituttet.

Allereie i 2004 rådde havforskarane til at det ikkje vart fiska kysttorsk.

Men forskarane fekk ikkje fullt gjennomslag sjølv om dei vart lytta til. I fjor vart kvoten sett til 21.000 tonn, det halve av eit «normalår». For 2006 kjem forskarane nok ein gong med råd om full stopp.

Å stogge kystfisket råkar nettopp småfiskarane, slike som Bognøy som fiskar inne i fjordane.

Misund trur spørsmålet om forbod vil vere ei tung politisk avgjerd å ta.

— Men før eller seinare er vi overtydd om at den må takast, seier han.

Ille for yrkesfiskarane

Det er dei små kystfiskarane, dei utan kvotar og båtar som gjer det råd å drive fiske andre stader, som får svi ved eit forbod, meiner Bognøy.

— Du vert berre nøydd til å sjå om du kan finne noko anna for å få det til å svive rundt, seier han.

Men han er ikkje alt for optimistisk.

Ekstra ille blir det dersom det ikkje vert innført restriksjonar som også råkar fritidsfiskarar, meiner han.

Det positive er at nordsjøfisket etter tobis - ein matfisk for torsken - vart stogga tidlegare i år. Før såg Bognøy tobis i fjordane, men det er lenge sidan. Tobisfisket burde vore forbode for fleire år sidan, og no bør forbodet vare ei stund for å få opp mattilgangen for torsken, meiner han.

Forbod mot torskegarn

Det er tre verkemiddel forskarane vil ta i bruk for å få eit effektiv forbod mot torskefiske i fjordane:

  • Forbod mot visse typar reiskap, som til dømes torskegarn og snurrevad.
  • Frede avgrensa område - der ein har kunnskap om at det er mykje torsk - mot fiske.
  • Innføre tider på året då det skal vere forbod mot torskefiske, til dømes i gytetida.

Forskarane er usikre på kvifor kysttorsken er i tilbakegang. Klimaendringar i havet kan vere ei av årsakene, i fylgje Misund.

Men ICES sitt råd er klart: Fisket etter kysttorsk må stoppast og det må leggast ein plan for korleis torskestammene skal få bygge seg opp på ny.

Eit fiskeforbod vil og råke utdanningsverksemda til Norges Jeger og Fiskeforbund i Hordaland. Kenneth Bruvik dreg garn annakvar dag på Ågotnes. No er han redd han må stoppe.

— Det vil ikkje øydelegge verksemda vår. Men ho vert sterkt avgrensa, seier han.

Motsett utvikling

I går fekk han berre ein torsk på eit par kilo i dei seks garna sine. Kvar veke dreg han opp om lag ti kilo torsk. Den vert nytta til å gje ungdom ein smakebit på norsk kystkultur.

— Alle seier det vert mindre og mindre torsk. Sjølv har eg fiska sidan eg var ti år gammal, og det har kanskje vorte litt mindre. Men eg er ikkje sikker på at det er kystfisket som er problemet.

Bruvik seier det vil vere dramatisk for kystfiskarane om det vert full stopp.

— Men vi er sjølvsagt opptekne av situasjonen, og ser heilt klart nytten av å avgrense fisket.

Utviklinga for kysttorsken har gått som for den sterkt nedfiska torskestammen i Nordsjøen. Men det motsette er tilfelle for torsken i Barentshavet, det viktigaste torskefiske i Noreg.

Trass i at det er sterke mistankar om eit stort ulovleg fiske etter torsk i Barentshavet, reknar forskarane med gytebestanden vil auke dei to første åra. Fangsten, som vert delt mellom norske og russiske fiskarar, bør vere på 471.000 tonn, ein reduksjon på 14.000 tonn i høve til i år.