I samsvar med kommunen sine rutinar vart det straks tatt ny prøve, melder Kommunelegen i Eidfjord.

Resultatet av denne prøven, analysert 30.09, viste framleis at vatnet ikkje er bakteriologisk godt nok.

I tråd med gjeldande prosedyre vert det difor sendt ut kokevarsel for Isdøla vassverk.

Alt vatn som skal nyttas som drikkevatn eller i matlaging må kokast.