For fleire av pålegga er det sett frist til 1. juni i år for gjennomføring. Men dei heilt sentrale elementa som skal ligge til grunn for å oppfylle pålegga, er ennå ikkje sett i verk.

Dersom pålegga ikkje er oppfylt innan fristen, risikerer UD å bli ilagt tvangsmulkt av Arbeidstilsynet, heiter det i pålegget som vart utferda 1. desember i fjor.

Varsla i oktober

Men UD har kjent til at departementet ville få slike pålegg heilt sidan 26. oktober i fjor. Då fekk departementet oversendt varsel om pålegg frå Arbeidstilsynet etter at tilsynet hadde gjennomførd inspeksjon i departementet 13. oktober.

Eit av dei viktigaste pålegga går ut på at UD må gjennomføre ei omfattande arbeidsmiljøundersøking mellom alle medarbeidarane i departementet. Denne undersøkinga skal munne ut i ein handlingsplan. For begge desse elementa er fristen 1. juni. Ein ny frist inntrer 1. september for gjennomføring av tiltak i handlingsplanen.

Reinås-utvalet

Arbeidet med kartlegginga har ennå ikkje starta. Departementet er i ferd med å utarbeide eit spørjeskjema som skal ut til alle medarbeidarane i departementet. Men det er etter det Bergens Tidende kjenner til, ennå ikkje klart kva for spørsmål skjemaet skal innehalde.

— Eg er oppteken av at skjemaet må innehalde spørsmål som blir opplevd som relevante i høve til tenesta. Det inneber mellom anna at det må innehalde spørsmål rundt dei arbeidsmiljøforholda som Reinås-utvalet omtalar i rapporten sin, seier Betzy Tunold til Bergens Tidende. Ho er hovudverneombod i Utanriksdepartementet.

— Så vidt eg er orientert, er arbeidet med å gjennomføre undersøkinga og innfri pålegga i rute, seier ekspedisjonssjef Leidulv Namtvedt i administrativ avdeling, til Bergens Tidende.

Cathrine Andersen, som er fungerande pressetalskvinne, seier at spørjeskjemaet er i ferd med å bli ferdig. Ho seier at det er semje om kva spørsmål skjemaet skal innehalde og at undersøkinga vil bli gjennomførd i mai.

— Eg har levert fyldige innspel til utforminga av skjemaet. Eg veit ikkje i kva grad det er teke omsyn til, seier Tunold.

Tøffe spørsmål

— Mange i departementet vil seie at dei kjenner seg att i utsegner referert av Reinås-utvalet om «autoritær og fryktbasert lederstil, streng regelstyring og begrensninger i informasjonsflyten», «frykt for reaksjoner fra ledelsens side» og at «åpne drøftinger og motforestillinger generelt ikke er ønsket i UD», seier Tunold.

— Det er viktig å få vite meir om korleis situasjonen faktisk er. Då må vi få målt og kvantifisert synspunkta. Det må vere basis for å lage ein handlingsplan for betre arbeidsmiljø, seier Tunold.

Departementet har også fått frist til 1. juni med å sørgje for at det blir «gjennomført nødvendig opplæring i arbeidsmiljøkrav og -rutiner for alle ledere som har ansvar for arbeidsmiljø (personalansvar) i sin enhet».

- Sterkt behov

— Arbeidstilsynet har gjort ein strålande jobb. Tilsynet har også påpeika og gjeve pålegg om at verneomboda må trekkjast inn i arbeidet med utforming av planane som pålegga omfattar. Nå opplever vi også at Reinås-utvalet påpeikar fleire av dei same forholda som Arbeidstilsynet har festa seg ved: behov for system, planar, opplæring og rutinar. Med så mykje rotasjon som vi har i utanrikstenesta, forsterkar det behovet for slik systematikk, seier Tunold.