Kritikken råkar også førstestatsadvokat Lasse Qvigstad.

POT som nå har skifta namn til PST, får kritikk for å ikkje å ha varsla redaktøren eller den administrative leiinga i avisa om at det var gjennomførd ransaking og beslag.

POT får også kritikk for å ha gjeve urette opplysningar til domstolen om tilgangen til beslaget. Til dei forklaringar POT har gjeve om dette forholdet, har EOS-utvalet dette å seie:

«Dette vitner i så fall om en alvorlig svikt ved den interne kommunikasjonen mellom etterforskerne og påtaleleddet i PST.»

«Påtakelig og egnet til kritikk» er ein karakteristikk som utvalet nyttar.

Utvalet slår også ned på at POT tok kopiar av beslaget og begynte å gjennomgå dei.

Den alvorlegaste innvendinga frå utvalet mot POT si behandling av beslaget er at POT i så lang tid let vere å informere Viksveen sin forsvarar og forhøyrsretten om at ein sat på kopiar.

Grunnlaget for kritikken blir forsterka ved at det var POT sjølv som ba om å få utlevert kopiar av beslaget frå belgisk politi, samstundes som ein fortalte til partane og retten at ein ikkje hadde motteke materialet.

Utvalet rettar også klar kritikk for at ranskainga innbar ei krenking av kjeldevernet.

Utvalet meiner det var eit dramatisk skritt å avbryte foreldingsfristen ved å ransake eit korrespondentkontor. Når ein bestemte seg for å gå fram på denne måten, burde ein ha vurdert spørsmålet om kjeldevern og det særlege vernet for redaksjonslokale på ein skikkeleg måte på førehand, seier utvalet.