Bondevik insinuerte måndag at styret i SND Invest hadde sin eigen dagsorden og eigne interesser då det gjekk imot det opplegget for sal av SND Invest, som næringsminister Ansgar Gabrielsen hadde lagt opp til.

Statseigde SND Invest vart i fjor haust selt til det mange meiner var dumpingpris. Saka vil nå bli granska av Stortinget. Opposisjonspartia bur seg på eit oppgjer med næringsministeren og statsministeren.

Krast brev til Bondevik

I går mottok Bondevik eit to siders brev frå Otto Geheb som var styreleiar i SND Invest inntil salet var gjennomførd.

I brevet skriv Geheb at han finn utsegnene frå Bondevik «både merkverdig og provoserende». Han bed Bondevik utdjupe kva han eigentleg meiner.

— At vi skal ha hatt ein «skjult agenda» er så gale som det kan få blitt. Vi hadde ei einaste interesse i denne saka: det var å ivareta eigarens, det vil seie statens sine interesser på best mogeleg måte. At vi skulle ha nokon slags allianse med tilsette, er berre tøv, seier Geheb til Bergens Tidende. Geheb er tidlegare visepresident i NHO.

Spark til Bondevik

I brevet til Bondevik skriv Geheb at han ikkje veit kva eksterne rådgjevarar Næringsdepartementet har nytta i saka. Han kjenner seg likevel rimeleg trygg på at ein uavhengig rådgjevar ville ha fylgt styret sitt framlegg til opplegg for sal.

«Hvis den aktuelle rådgiver har hatt økonomisk interesse av at salget blir gjennomført, vil jeg be statsministeren konsentrere sine utspill om mulige interessekonflikter mer i denne retning enn mot det avgåtte styret i SND Invest AS», skriv Geheb.

Geheb seier at det er greitt nok at staten ut frå politiske vurderingar ynskte å selje ut SND Invest. Men då må ein innrette seg slik at staten får best mogeleg pris.

«Elementært»

— Det er elementært at ein ikkje sel når prisen eller aksjekursane er på botn. Det er det berre kjøparen som har interesse av. Det var likevel det som skjedde og som vi åtvara mot. Vi sa at det ville bety at staten gav ein rabatt til kjøpar på 40-60 prosent. I ettertid veit vi at rabatten vart 56 prosent, seier Geheb.

— Hadde ein derimot fylgt vårt opplegg, ville staten ha fått inn betydeleg meir pengar på salet, seier Geheb.

Geheb trekker også fram ein annan konsekvens av måten salet vart gjennomført på: fare for negative fylgjer for dei selskapa som SND Invest hadde aksjar i.

- Viktig investor

— SND Invest har vore ein viktig investor for mange små og mellomstore bedrifter over heile landet. Det er mellom anna teknologiselskap, selskap i fiskeindustrien, oljesektoren og i reiseliv. Four Seasons har varsla at dei vil kvitte seg med det meste av denne aksjeporteføljen. Slikt får direkte negative konsekvensar for dei selskapa som blir råka. Verdien av selskapa fell, seier Geheb.

Geheb seier at han godt kan sjå verdien politisk av at staten blir ein mindre dominerande eigar i norsk næringsliv.

— Men då burde ein kanskje i første rekkje tenkje på å selje seg ut av store børsnoterte selskap. Eg meiner det er å byrje i feil ende når ein går i gang med å selje seg ut av små og mellomstore selskap, i mange tilfelle gründerbedrifter som har hatt stor nytte av at SND Invest har vore inne som eigar, seier Geheb.