Indre/ytre-striden toppa seg før bygginga av Folgefonntunnelen, og har halde fram etter kvart som Husnes har styrkt sin sentrumsfunksjon. Tautrekkinga mellom Rosendal og Husnes var årsak til kløyvinga i Senterpartiets lokallag i haust, det øydela Aksel Klosters maktposisjon.

— Rosendal var hovudstaden i Kvinnherad. Av mange i bygda har det aldri vore akseptert at Husnes skulle få status som senter og spela ei dominerande rolle i kommunen, seier eksordførar Aksel Kloster (55) før han i dag lanserer boka «Politiske stormkast i Kvinnherad».

— Dette gjeld ikkje folk flest i Rosendal. Det gjeld ein del patriotar, legg Kloster til. I boka skriv Kloster og medforfattar og partikollega Lars Magnar Bjelland at dei fremste Rosendal-patriotane er Sp-politikarane Knut Johannes Helvik, Thorleif J. Hellesøy og Berge Sæberg, Høgre-mennene Arne Havnerås og Einar Holsvik, tidlegare Grenda-redaktør Knut Hass og kultur- og samfunnsengasjerte Wenche Skaaluren, Karsten Bjørke og Ivar Mork.

Aksel Kloster stiller seg noko overraskande til at også tidlegare rådmann og tunneldirektør Peder Totland skal ha slutta seg til rekkja av patriotar.

Aksel Kloster er ikkje redd for at boka hans vil medverka til å forsterka striden mellom Rosendal og Husnes.

— Boka er ein appell til patriotane i både Rosendal og på Husnes, særleg dei i Rosendal, om å sjå kommunen under eitt, slik folk flest i Kvinnherad gjer. I boka tek vi ikkje stilling til bygdestriden, vi vil heller ikkje strø salt i såret. Men det er viktig å vita kor frontane står, kven hovudpersonane er, seier Aksel Kloster.