• Diskusjonen om at klimaendringane er menneskeskapt er i røynda død, jublar klimaforskar Erik Kolstad. 2006 vart året då vêret sjølv la inn dei avgjerande argumenta.

Medan dei fleste låg godt under dyna og naut årets juleferie, gjekk ein meteorologkonsulent ut til det vesle buret på plenen framfor Geofysisk Institutt på Florida i Bergen.

Ho tømde behaldaren med nattas regn. 4,6 millimeter. Onsdag 27. desember. Nok ein rekord var slått: I 60 dagar hadde regnet ramla ned over Bergen. Og det held fram. I dag er rekorden blitt til 66 dagar.

— Eg vil påstå at den hausten vi har hatt, med mykje regn, er eit teikn på klimaendringar. Det er akkurat det som er spådd, seier klimaforskar Erik Kolstad ved Bjerknessenteret på Universitetet i Bergen.

For dette har dei sagt lenge, klimaforskarane. Hausten og vinteren vil bli varmare og våtare her på Vestlandet. 20 prosent meir nedbør i 2050 enn i dag. Det er ingenting vi kan gjere med det. I alle høve ikkje på kort sikt. I alle høve ikkje åleine.

— Dette er berre byrjinga, og det skjer uavhengig av om vi får til å redusere klimagassutsleppa, seier professor Helge Drange frå Bjerknessenteret.

For klimaproblema no er resultat av 200 års kol og oljebasert industrialisme. Våre kutt vil først hjelpe om 50 år.

Rekordvarmt år

2006 gav Vestlandet kulde i mars, regn i april, ein fin sommar, varm haust og, altså, ei våt og varm førjulstid.

Men det er ikkje regnet som varslar klimaendringane på Vestlandet. Trass mange regndagar, er samla nedbørsmengd i 2006 berre så vidt over normalen for Bergen.

Varselet om klimaendringar ligg i temperaturen. 2006 er det varmaste året i Bergen sidan målingane starta i 1861. Snittemperaturen har vore 9,3 grader, 1,6 grader over årsnormalen. Den førre rekorden på 8,8 grader vart sett i 1990, og tangert i 2000 og 2003. Og slik var det i storparten av verda elles:

— 2006 blir eitt av dei varmaste åra på jordkloden sidan målingane byrja på 1880-talet. Og det er påfallande at alle dei varmaste åra har kome etter 1990, og at 2000-talet er på topp, seier professor Drange.

Det er varmen som vil gjere haustane og vintrane våre våtare, fordi varm luft kan ta opp i seg meir fukt enn kald luft. Våren og sommaren blir det ikkje meir regn, men høgare temperatur. Dessutan vil vi truleg få kraftigare regnskur når det først regnar.

Politisk vêrskifte

Vêret var ikkje det einaste som endra seg i 2006. Eit meir dramatisk skifte skjedde i politikken. Statsleiarar som Angela Merkel (Tyskland), Tony Blair (Storbritannia) og til dels óg George W. Bush (USA) er no overtydd om at klimaendringane er verkelege og at dei er menneskeskapte.

— 2006 var eit gjennombrotsår. Det har gått ei slags vekkingsbølgje over land og strand, spesielt det siste halvåret av 2006. Så eg er veldig optimistisk når eg går inn i det nye året, seier Drange.

Han og dei andre forskarane på Bjerknessenteret merka sjølv skiftet våren 2006. Då byrja invitasjonane å strøyme inn frå bedrifter og offentlege etatar, som ville vite meir om klimaendringane.

— Eg trur vi no har erkjenninga og er klar over alvoret, og at det no er tid for å handle, seier han.

Eit uttrykk for skiftet er at Bush og andre på den politiske høgresida har skifta argumentasjon, ifølgje Kolstad.

— Den nye taktikken er å seie at det er for dyrt å gjere noko med det, seier han.

Ei ugrei sanning

Det er fleire årsaker til at kritikken mot klimaforskarane har forstumma det siste året. I USA var orkanen Katrina hausten 2005 eit viktig vendepunkt. New Orleans under vatn vart eit bilete på prisen for global oppvarming, eit poeng tidlegare visepresident Al Gore utnytta effektivt i ein kampanje som kulminerte med filmen «A Inconveniente Truth» (Ei ugrei sanning).

I haust kom òg den tonegjevande britiske Stern-rapporten, som viste at det blir langt rimelegare å rydde opp i miljøproblema no enn om vi ventar.

Varmerekordane på 2000-talet har også gjort sitt for å vende skeptikarane. Men det tydelegaste teiknet på global oppvarming er isbreane som forsvinn i heile verda. Ikkje minst i polområda.

— Det er rekordlite havis i Arktis. I Svalbard-områda var det kolossalt mildt i januar og mars, med månedsmiddeltemperatur som låg 10-15 grader over det normale. Det er utruleg mykje, seier professor Drange.

— Vil det gjenta seg i 2007?

— Det er for tidleg å seie, men at isen smeltar i Arktis er det ikkje tvil om, seier han.

Medan Arnold Schwarzenegger og 12 delstatar i USA no går til angrep på bilindustrien og drivgassutsleppa, har oljeindustrien vunne det heimlege ordskiftet i 2006.

— Nei, Noreg er ikkje noko føregangsland, og har heller ingen politikarar som frontar klimaproblemet. Det er mykje feigheit ute og går, seier Drange.

Eirik Brekke