Ei avgjerd i saka som inneber at Busch må vike sete som ugild, vil kunne oppfattast som eit prestisjenederlag for riksadvokaten etter hans engasjement i saka.

7. juli sendte nemleg riksadvokaten brev til Justisdepartementet der han konkluderte med at han var habil til å behandle alle sider ved Treholt-saka.

Saka vart kjent gjennom Bergens Tidende 13. juli. Konklusjonen frå riksadvokaten hausta kritikk frå kompetent juridisk hald.

Det resulterte i at det som skulle vere ei «ekspedisjonssak» i Justisdepartementet, med kjapp behandling, vart vanskeleg og utfordrande.

I juli opplyste Justisdepartementet til Bergens Tidende at saka kunne vere ferdig behandla i løpet av 14 dagar. I dag kan departementet ikkje svare på når saka blir avgjort.

Vart fjerna mot protest

Midt i juli skreiv BT om då riksadvokat Lauritz J. Dorenfeldt i 1978 måtte vike sete i den såkalla Liste-saka. Det skjedde etter grundige vurderingar i Lovavdelinga i Justisdepartementet, og mot høglytte protestar frå riksadvokaten. Dorenfeldt insisterte på at han var habil.

Fire år seinare polemiserte Dorenfeldt kraftig mot avgjerda og mot grunnane departementet nytta for å kjenne han ugild. Han karakteriserte argumenta departementet nytta som «tynne og lite overbevisende». Han hevda saka var døme på at «gode juridiske argumenter undertiden må vike for politisk opportunisme».

Busch og Dorenfeldt

Bergens Tidende er kjent med at saka om Busch sin habilitet raskt vart ekspedert over til Lovavdelinga i departementet og at ein fann fram dokumenta frå Liste-saka.

Dorenfeldt vart kjent ugild særleg på bakgrunn av utsegner han kom med i intervju med NRK.

Saka som gjeld Busch har nå lege i Lovavdelinga i vekesvis. BT er kjent med at jamvel internt i departementet finn ein dette meir enn påfallande.

Saka må opp til Kongen i statsråd uansett om departementet skulle meine at riksadvokaten ikkje treng vike sete, eller det må oppnemnast setteriksadvokat.

Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker har starta arbeidet med å vurdere kravet frå Arne Treholt om å få gjenoppteke saka, opplyser kommisjonsleiaren, Janne Kristiansen, til Bergens Tidende.