VIDAR YSTAD

Saka vart teken opp med bakgrunn i Bergens Tidende sine avsløringar i seinare tid.

Justisminister Odd Einar Dørum fortalde Stortinget at Hordaland politidistrikt har vedgått overfor han at dei ikkje har gjort ein god nok jobb på dette området.

Må skjerpa seg

I dette ligg det frå Dørum si side ei føresetnad om at politiet i Hordaland skjerpar seg kraftig.

Det var stortingsrepresentant Audun Bjørlo Lysbakken (SV) som stilte spørsmål til justisministeren om kva statsråden vil gjere for at etterforskinga i slike saker blir prioritert i Hordaland.

Dørum opplyste også at Hordalands-politiet nå vil kartlegge organisert prostitusjon og hallikverksemd i eige distrikt. Samstundes skal ein starte etterforsking av konkrete saker og etablere samarbeid med Kripos. Siktemålet er å verne offera for menneskehandel og etterforske bakmennene, forklarte Dørum.

Dørum viser til at politimeister Vidar Refvik, har teke kraftig sjølvkritikk for manglande innsats på dette feltet, gjennom Bergens Tidende sine spalter.

I svar til Lysbakken opplyste Dørum at Kripos meiner at politiet på landsbasis berre har avdekt toppen av eit isfjell når det gjeld mistanke om halliksaker og menneskehandel med forgreiningar til utlandet.

Kripos si kartlegging viser at politiet har vore inne i 42 saker der med er mistanke om menneskehandel og 36 halliksaker med utanlandske forgreiningar, hittil i år.

Handbok for politiet

Fem politidistrikt og spesialgruppa Catch arbeider nå med å få omsett informasjon og kunnskap til bruk i konkrete straffesaker. Det er oppretta tre saker der det er mistanke om menneskehandel. I ei av desse sakene er 124 personar busett i 21 land involvert.

Dørum understrekar sterkt at desse sakene krev eit omfattande internasjonalt politisamarbeid.

Han opplyser at Politidirektoratet arbeider med å styrke politiet sin kompetanse på denne typen etterforsking. Mellom anna lagar nå Politidirektoratet ei handbok for politidistrikta om menneskehandel, og det skal haldast regionale møte og seminar i 2005.

Lysbakken seier at ein del av dei utsegnene som har kome frå politiet i Hordaland i denne saka, er direkte pinlege. Han viser då til at det er stilt spørsmål ved om det i det heile finst hallikverksemd i Bergen.

— Bergen er ikkje skåna for kriminalitet med internasjonale forgreiningar. Det kan ein trygt legge til grunn, seier Lysbakken.

FAKSIMILE av BTs oppslag 25. september