Aldri har Folkehelsa registrert så mange tilfelle av kjønnssjukdommen klamydia som i fjor.

22.847 nordmenn fekk i fjor diagnostisert kjønnssjukdomen genitial chlamydiainfeksjon, sju prosent fleire enn året før. 2007 var det niande strake året med auke.

Aukar mest

– Vi testar fleire unge no enn før, men trur likevel at det er snakk om ein reell og radikal auke i talet på sjukdomstilfelle, seier seniorrådgjevar Hilde Kløvstad i Folkehelseinstituttet.

I Hordaland vart totalt 1.945 tilfelle av sjukdommen innrapportert, i Sogn og Fjordane 401 tilfelle.

Med sine 378 tilfelle pr. 100.000 innbyggarar er Sogn og Fjordane framleis i botnsjiktet nasjonalt, men det kan fort endre seg.

For ingen stader i Sør-Norge aukar sjukdommen like sterkt som dei 15,7 prosentane i Sogn og Fjordane. Til samanlikning auka førekomsten av klamydia med 7,7 prosent i Hordaland, som er nokså nær landsgjennomsnittet.

På topp i nord

Nasjonalt ligg dei to nordlegaste fylka våre suverent på topp i klamydiaforekomst, med Finnmark på topp med sine 977 tilfelle pr. 100.000 innbyggarar. Tilsvarande tal for Hordaland og Sogn og Fjordane er høvesvis 427 og 378 tilfelle.

– Klamydia aukar så sterkt fordi folk er blitt altfor sløve med å bruke kondom, seier Hilde Kløvstad i Folkehelseinstituttet.

– Mange har kanskje ikkje lenger den store skrekken for å få AIDS, og har droppa kondomet.

Klamydia er eit utprega ungdomsfenomen. Nesten 70 prosent av diagnosane er frå pasientar under 25 år.

– Det vanlege er unge som ikkje lever i stabile forhold, og som blir smitta ved tilfeldig sex, seier Kløvstad. – Rådet herfrå er alltid å bruke kondom ved tilfeldig sex eller når ein får ny partner, heilt til ein veit at begge er smittefrie.

Kløvstad understrekar at behandlinga er både gratis, enkel og smertefri.

— Trur ikkje dei blir smitta

Hanne Loe, som er leiar i Medisinernes Seksualopplysning i Bergen (MSO-Bergen), trur folk er klar over faren for klamydia, men at dei ikkje opplever det som ein reell risiko.

— Folk trur ikkje det skjer dei, seier Loe.

Ho trur mange ikkje ser på klamydia som veldig alvorleg.

— Mange tenkjer nok at klamydia er relativt ufarleg sidan det er lett å behandla. Det er ikkje så mange som er klar over at ein faktisk kan bli steril av klamydia, seier Loe.

MSO-Bergen driv seksualopplysning for unge frå 14-17 år i Hordaland.

Ifølgje Loe har mange unge fordommar mot kondombruk.

— Mange har negative assosiasjonar knytt til det å bruka kondom. Dei tenkjer at det er klumsete og at det øydelegg stemninga. Dermed blir terskelen for å bruka kondom endå høgare, seier medisinstudenten.

Ho trur at auka tilgjengeleheit og meir informasjon kan få opp kondombruken.

— Det blir snakka for lite om kjønnssjukdommar. Fokuset er på å unngå uønska graviditetar. Men alle bør bruka kondom når dei har sex med ein ny partnar, seier Loe.

SEKSUALOPPLYSNING: - Folk er altfor dårlege til å bruka kondom, seier Hanne Loe (til høgre), som er leiar i MSO-Bergen. Saman med Liv Hapnes (t.v.) og rundt 50 andre medisinstudentar driv ho seksualopplysning for unge i Hordaland. ARKIVFOTO: TOR HØVIK