— Eg har aldri kjent meg så hjelpelaus. Det går ikkje an at eg må vera ambulansepersonell for ei så sjuk dotterdotter, seier Aanes til Bergens Tidende.

Helsesjef Svein Kåre Senneset opplyser til Bergens Tidende at han er informert om at klagen er undervegs. Før han får lese han, kan han ikkje gje kommentarar. Det er sendt kopi av klagen til Helsetilsynet og Pasientombodet i Sogn og Fjordane.

Aanes reagerer mellom anna på ei utsegn frå legen om at ambulansen må stå i beredskap i tilfelle nokon får hjarteattakk. Seinare har han fått vita at ambulansen på aluminiumsverket er reserve.

Mari-Anne Aanes har hatt praksisperiode på sjukehuset i Lærdal under utdanninga til hjelpepleiar, før ho i haust byrja på sjukepleiarstudiet.

— Eg er ikkje i tvil om at eg var høgt oppe på smerteskalaen som vi har lært om, seier ho til Bergens Tidende.

Feilbehandling er ikkje tema i klagen, sjølv om både legen i Øvre Årdal som hadde vakt første kvelden (fredag 18. november) og den innklaga legen på Årdalstangen, som hadde legevakt laurdag og sundag, hadde mistanke om gallestein. Heller ikkje sjukehuset på Voss kom til botnar i mysteriet.