I Hordaland vert det arbeidt for å få til ei slik ordning for Bergen Lufthavn Flesland. Haugesund er blant mange flyplassar i Europa som alt har ordninga på plass, og blir trafikkert av Ryan Air og andre lågprisselskap.

— Det offentlege må ikkje støtta tiltak som gir auka utslepp av klimagassar, seier Øystein Folden til Bergens Tidende.

Han er leiar av Naturvernforbundet sitt fylkeslag på Nordvestlandet, og har sendt klage til EFTA sitt overvakingsorgan ESA.

Gnitne turistar

I klagen er det lagt vekt på at eit enkeltselskap vert favorisert.

— Står ikkje EU-relaterte organ på Naturvernforbundet si fy-liste?

— Det kan så vera, men ESA eksisterer, og kan vi nytta dei til vår fordel, så meiner eg at vi bør gjera det, seier Folden.

Han har liten tru på at «hurtigturistane» som kjem til landet på slike fly, vil legga att mykje pengar. Det blir heller snakk om handelslekkasje andre vegen, kjøpesterke møringar som reiser til London på handletur.

— Men dette er ikkje mitt område, og får bli andre sitt problem, legg han til.

— Har du tru på å vinna fram med klagen?

— Ei rekke ekspertar har langt fram svært ulike tolkingar av regelverket. Einaste måten å finna svaret på, er å prøva. Difor har vi sendt klagen, seier Folden.

Kamp om flyruter

Assisterande regional- og næringsdirektør Bergljot Landstad i Møre og Romsdal er overtydd om at fylkeskommunen held seg godt innanfor reglane.

— Kampen om å få trafikk til sine flyplassar har hardna til over heile Europa. Eit viktig element er å lokka lågprisselskapa til å oppretta nye ruter. Denne aktiviteten har vorte så omfattande at EFTA har funne grunn til å laga eigne reglar.

— Kva går dei ut på?

— Dei tillet etableringsstøtte til nye flyruter i inntil tre år på sentrale flyplassar, og i fem år på dei perifere. På flyplassar med færre enn ein million passasjerar årleg, treng ein ikkje melda inn saka. Vigra har 800.000 passasjerar årleg, seier Landstad.

— Kor stor er støtta?

— Avtalen går ut på å yta 2,5 millionar kroner årleg i to år. Av dette betalar fylkeskommunen 1,5 millionar og kommunane Ålesund og Giske 500.000 kroner kvar.

God PR for fylket

Pengane blir kanalisert gjennom Lufthamnutviklingsfondet for Vigra, som har inngått avtale med Ryan Air om tre flysamband mellom Ålesund og London (Stanstead) i veka heile året. Tidsramma på to år, ligg klart innanfor reglane, poengterer Landstad.

— Har ikkje Naturvernforbundet eit poeng med handelslekkasje hin vegen?

— Det kan henda, men våre pengar går ikkje til å fortelja møringane at London eksisterer. Dei er øyremerkt/øyremerkte til å promotera Møre og Romsdal på Ryan Air sine internettsider. Distriktet vert på ein framifrå måte gjort kjent for eit stort publikum ute i verda, seier Landstad.

Rune Valderhaug